Statsråd kan vere nemninga både på ein einskild minister og på regjeringa samla i møte.
Statsrådsmøte vert normalt halde fredag kl. 11.00, i Statsrådsalen på Det kongelege slott i Oslo, men kan òg haldast andre stadar.
Grunnlova § 28 seier at det er viktige saker som vert avgjort av Statsrådet, eller av Kongen i statsråd. Døme på dette kan vere nådesaker, tilsetting i embete, lovproposisjonar, løyvingssaker, stortingsmeldingar, provisoriske anordningar og saker der kongen er tillagt avgjerdsmakt. Andre viktige saker etter skjønn kjem opp i statsråd. Saker som er oppe i statsråd blir underlagt parlamentarisk kontroll gjennom Stortinget sin kontroll med protokollane.
Det er aldri diskusjon i statsråd. Diskusjonen blir unnagjort i regjeringskonferanse, «førebuande statsråd», før møtet hos Kongen. Kongen kan likevel stille spørsmål om sakene.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Statsråd, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.