Jordforureining eller grunnforureining er forureining av jord og lausmassar med tilhøyrande grunnvassførekomstar.
Forureininga kan vere miljøgifter som tungmetall, forskjellige petroleumsprodukt, radioaktive stoff og plantevernmiddel. Stoffa trengjer ned i grunnen frå tankar eller røyr i samband med mellom anna industriverksemd, gruvedrift, avfallsdeponi og fyllplassar.
Forureininga kan føre til helsefare både gjennom direkte kontakt med den forureinina jorda, ved at giftstoffa vert spreidde via jorda til grunnvatnet eller ved utveksling mellom sediment og omliggande vatn . I seinare tid har ein særleg vorte merksam på PCB (polyklorerte bifenylar) som vart nytta i mange produkt som isolerglasruter, kondensatorar og måling og som kan samle seg som ei alvorleg forureining i jord, sedimentære avleiringar og sjøbotn. Sidan 1980 har stoffet vorte rekna som ei miljøgift og vore forbode.
Klima- og forureiningsdirektoratet (SFT) i Noreg kartlegg forureina grunn og tiltak i samband med jordforureining. Målet er å redusere ytterlegare forureining, å redusere spreiingsfaren av eksisterande forureining og redusere helsefaren for folk og dyr. Av tiltak finn ein reinsing av jorda lokalt eller i spesielle anlegg, tildekking og isolering på staden, eller oppgraving og ny deponering under kontrollerte tilhøve.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jordforureining, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.