Jinsafut (arabisk جنصافوت) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement nordaust på Vestbreidda, 15 kilometer aust for Qalqilya, og 16 kilometer aust for Nablus.
Han ligg kring 430 meter over havet. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 2 300 innbyggjarar i 2006.
Jinsafut | |||
جنصافوت, Jensafut | |||
kommune | |||
Namneopphav: Jinsafut | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°10′43″N 35°07′46″E / 32.17861°N 35.12944°E | ||
Areal | 9,3 km² | ||
Folketal | 2 357 (2007) | ||
Folketettleik | 253 / km² | ||
Jinsafut 32°10′43″N 35°07′46″E / 32.178611111111°N 35.129444444444°E | |||
| |||
Wiki Commons: Jinsafut | |||
Staden var oppført i osmanske skattelister frå 1596 som «Jim Safut», i Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 26 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.
I «Survey of Western Palestina» frå 1881, vart landsbyen skildra som «ein liten landsby i høgt lende, med brunnar i nord, og nokre få oliventre.»
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Jensafut eit folketal på 267 innbyggjarar, alle muslimar, medan han i folketeljinga i 1931 hadde 76 busette hus og eit folketal på 315, igjen alle muslimar. I 1945 var folketalet 450, all arabarar, med 9 356 mål land, i følgje ei offisiell landmåling. Av dette var 1 410 mål for plantasjar eller irrigertland, 2 208 for korn, medan 14 mål vart utbygd land.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jinsafut, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.