Jingmen (kinesisk: 荆门; pinyin: Jīngmén) er eit byprefektur sentralt i provinsen Hubei i det sentrale Kina.
Byprefekturet har eit areal på 12 404 km² og knapt 2,9 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Jingmen omfattar to bydistrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).
Landbruk og industri er dei to hovudnæringane i Jingmen. Avlingane av ris, bomull og raps er dei viktigaste i landbruket. Oljeindustrien er den viktigaste greina av industrien, der oljeselskapet Sinopec raffinerer råolje frå oljefelta Nanyang i Henan-provinsen og Jianghan her i Hubei.
Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa mot Mongolia, leikar derifrå sørover og endar i Hai'an, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jingmen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.