Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Jens Erik Fenstad

Jens Erik Fenstad: Norsk professor og matematikar

Jens Erik Fenstad (15. april 193513. april 2020) var ein norsk matematikar. Han var professor og prorektor ved Universitetet i Oslo.

Jens Erik Fenstad
Fødd15. april 1935
Trondheim
Død13. april 2020
Bærum
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Academia Europaea

Fenstad var fødd i Trondheim. Han vart mag. scient. i 1959 og vart utnemnd til professor i matematisk logikk ved Universitetet i Oslo i 1968. Fenstad var prorektor ved universitetet frå 1989 til 1992.

Han var formann i Norsk Matematisk Forening og redaktør av Nordisk Matematisk Tidsskrift frå 1967 til 1972. Han var første formann i Abelstyret, president i International Union of History and Philosophy of Science og hadde fleire leiarverv i europeiske vitskaplege organisasjoner.[1]

Han gav mellom anna ut Th. Skolem: Selected Works in Logic og fleire avhandlingar i logikk, matematikk og lingvistikk.

Kongen utnemnde i 2011 Fenstad til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin for norsk forsking.[2]

Kjelder

  1. Dagfinn Føllesdal: Jens Erik Fenstad (1935-2020) - Minneord i Klassekampen 18. april 2020
  2. «Utnevnelser til St. Olavs Orden», kongehuset.no, 15. september 2011. Besøkt 15. september 2011.

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Jens Erik Fenstad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.