Jegeredderkoppar: Edderkoppfamilie

Jegeredderkoppar, Sparassidae, er ein familie av edderkoppar som tilhøyrer undergruppa Entelegynae i gruppa Araneomorphae.

Jegeredderkoppar
Jegeredderkoppar: Utsjånad, Levevis, Utbreiing
Utbreiing
Utbreiinga av Jegeredderkoppar
Utbreiinga av Jegeredderkoppar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Edderkoppdyr Arachnida
Orden: Edderkoppar Araneae
Underorden: Opisthothelae
Infraorden: Araneomorphae
Familie: Jegeredderkoppar Sparassidae
Bertkau, 1872

Dei store, brune edderkoppane som av og til følgjer med importerte bananar og anna frukt tilhøyrer gjerne denne familien.

Utsjånad

Jegeredderkoppar: Utsjånad, Levevis, Utbreiing 
Heteropoda maxima frå Laos kan vera 30 centimeter mellom beina, og er den største edderkoppen i verda om ein reknar med beina.

Dei fleste artane er store til svært store, langbeinte og ofte brune på farge. Kroppen er tilsynelatande hårlaus. Smaragdedderkopp (Micrommata virescens) er den einaste arten som finst utandørs i Noreg, og er umiskjenneleg: hoa er grasgrøn (den einaste norske edderkoppen bortsett frå hjulspinnarar med denne fargen), hannen er olivengrøn, og bakkroppen raud med to gule striper. Auga står på to rader med fire i kvar, og har gjerne ein lys ring rundt kvart auge. Dei lange beina krummar alle framover, dei to fremste para er lengre enn dei to bakarste.

Jegeredderkoppar: Utsjånad, Levevis, Utbreiing 
Smaragdedderkopp er den einaste jegeredderkopparten i Noreg, her ein hann.

Levevis

Edderkoppane er nattaktive jegerar som ikkje lagar fangstnett. Nokre av artane kjem ofte inn i hus, andre blir ofte importerte til Europa med bananklasar. Ein del artar er blitt spreidde til store delar av verda med handelsvarer. Dei er ikkje farlege for menneske sjølv om bitet til dei store artane kan vera noko smertefullt og kanskje føra til forbigåande opphoving, kvalme og svimle. Likevel kan dei likna på dei svært farlege søramerikanske edderkoppane i slekta Phoneutria (Ctenidae).

Desse edderkoppane jaktar på insekt, til dømes kakerlakkar, og blir derfor rekna som nyttige for menneske. Dei store artane kan også ta små øgler. Dei kan bevega seg svært raskt i ein mellomting mellom hopp og springing. Dei kjem seg lett både framover, bakover og til sidene, og er derfor vanskelege å fanga.

Hoene vaktar over egga sine som dei gjerne ber med seg i ein sekk av silke, og er då svært aggressive.

Utbreiing

Familien er utbreidd i alle verdsdelar, men mest i tropiske og subtropiske område. Særleg er det mange artar i Australia.

Systematisk inndeling

Familien blir delt inn i over 80 slekter. Berre dei som finst i Europa er nemnde under.

  • Klasse edderkoppdyr, Arachnida
    • Orden edderkoppar, Araneae
      • Underorden Opisthothelae
        • Gruppe araneomorfe edderkoppar, Araneomorphae
          • Gruppe Neocribellata
            • Gruppe Entelegynae
              • Gruppe Dionycha
                • Familie jegeredderkoppar, Sparassidae Bertkau, 1872 (= Heteropodidae, Eusparassidae)
                  • Slekta Cerbalus Simon, 1897 – 2 artar i Europa
                  • Slekta Eusparassus Simon, 1903 – 3 artar i Europa
                  • Slekta Heteropoda Latreille, 1804 – 4 artar i Europa
                  • Slekta Micrommata Latreille, 1804 – 7 artar i Europa. I Noreg:
                    • smaragdedderkopp, Micrommata virescens (Clerck, 1757)
                  • Slekta Olios Walckenaer, 1837 – 5 artar i Europa
                  • Slekta Tychicus Simon, 1880 – éin art i Europa

Kjelder

Litteratur

  • Roberts, M.J. (1995) Spiders of Britain & Northern Europe. Harper Collins. ISBN 0-00-219981-5

Bakgrunnsstoff

Tags:

Jegeredderkoppar UtsjånadJegeredderkoppar LevevisJegeredderkoppar UtbreiingJegeredderkoppar Systematisk inndelingJegeredderkoppar KjelderJegeredderkoppar LitteraturJegeredderkoppar BakgrunnsstoffJegeredderkopparEdderkoppar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TrøffelLangfredagBjørnPlaneten MarsAn-MagrittEuropaScrabbleTuddal HøyfjellshotellHaneAllahu akbarAbkhasiaLionel MessiJon Almaas2. desemberSjukehusAstatSvartedauenVestfold fylkeValladolidTorstein FlakneSløvågWikisourceHalelause padderSverigeRombeTsjekkiaHenry FordKeltiske språkTorsdagWikiLangfredagsfjæreNordfjordeidSjivaBaltimoreKommunevåpen i NoregSyktyvkarLæringsteorien konstruktivismeNormandieThor HeyerdahlOdontologiTitreringRelativitetsteorienSkulemål i RogalandHenrik IbsenPokljukaNoregsmeisterskapen i sjakkTivoli i ItaliaShaka SamvatOpplettJohann Sebastian BachElizabeth II av StorbritanniaPyramidekabalGeorg III av StorbritanniaTurn under Sommar-OL 1988Filippo TuratiRSSFristaden ChristianiaNewcastle upon TyneHeine T. BakkeidArtemisVasilij P. RotsjevUS AirwaysKroatia1066AdjøMuflonGjest BaardsenReinsvollLeonard RickhardBygdøy KongsgårdInnsjøar i SkottlandEukaryotar🡆 More