Jeff Simmons (fødd mai 1949 i Seattle) er ein rockemusikar og tidlegare medlem i Frank Zappa sitt Mothers of Invention.
Simmons spelte bass, gitar og korvokal for gruppa i 1970 og 1971. Han slutta i The Mothers like før filminga av 200 Motels (der han i filmen er erstatta av sjåføren til Ringo Starr, Martin Lickert) i midten av 1971. Jeff kom seinare attende til gruppa i 1972 og 1973. Av Zappa og Mothers-album han spelte på var mellom andre Chunga's Revenge (1970), Waka/Jawaka (1972), Roxy & Elsewhere (1974).
Jeff Simmons | |||
Fødd | 21. mai 1949 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Seattle | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | gitar, bassgitar, vokal | ||
Verka som | musikar, gitarist |
Simmons er ein av berre få musikarar som har skrive songar i lag med Zappa. Samarbeidet deira «Wonderful Wino» finst på Lucille Has Messed My Mind Up og Zappa-albumet Zoot Allures frå 1975. Denne songen vart òg spelt inn på ny av Zappa med eit heilt anna arrangement på albumet Joe's Garage i 1979.
Simmons spelte med forskjellige grupper i Seattle-området i 1980-åra. Han er med i filmen Rock and Roll Mobster Girls frå 1988, som kom ut direkte på video. I 2004 gav Simmons ut albumet Blue Universe.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jeff Simmons, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.