Zoot Allures

Zoot Allures er eit rockealbum frå 1976 av Frank Zappa.

Zoot Allures
Studioalbum av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 20. oktober 1976
Innspelt mai – juni 1976 i Record Plant Studios i Los Angeles i California utanom «Wonderful Wino» (1972/73), «Friendly Little Finger» (1973/oktober 1975) og «Black Napkins» (innspelt live i Osaka i Japan, 3. februar 1976)
Sjanger progressiv rock, jazz-fusion, komedierock, hardrock, heavy metal
Lengd 41:32
Selskap Warner Bros.
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Bongo Fury
(1975)
Zoot Allures Zappa in New York
(1978)
Singlar frå Zoot Allures
  1. «Find Her Finer»
    Utgjeve: 1976
  2. «Disco Boy»

Dette var den einaste utgjevinga til Zappa på Warner Bros. Records. På grunn av eit søksmål med den tidlegare manageren Herb Cohen, vart platekontrakten til Frank Zappa med DiscReet Records mellombels flytta til Warner Bros.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsZoot AlluresZoot AlluresZoot AlluresZoot Allures

Tittel

Tittelen er eit ordspel på det franske uttrykket «Zut alors!» som ikkje har noko direkte omsetjing, men syner til ei lett overrasking og tyder noko slik som «søren!» eller «faen!». Tittelen syner òg til eit vanleg britisk uttrykk for marihuanasigarettar.

Om albumet

Albumet vart opphavleg meint som eit dobbeltalbum, men av ukjende årsaker omarrangerte Zappa det og korta det ned til eit enkelt album. Zappa spelte ei testutgåve av det originale albumet for magasinet Circus i 1976, som rapporterte om ei radikalt annleis, og kanskje feilaktig, sporlsite som omfatta «Sleep Dirt», «The Ocean Is the Ultimate Solution», «Filthy Habits» og «Night of the Iron Sausage». Dei første tre spora kom seinare ut i 1979 på Sleep Dirt og den posthume Läther. «Night of the Iron Sausage» er enno ikkje gjeven ut. «Wind Up Workin' in a Gas Station» og «Zoot Allures» var ikkje med på denne første testutgåva.

Songar

«Black Napkins» er ein av fleire gitardrivne stykke på Zoot Allures, og kom til som tema til det som seinare vart det komposisjonen «Sleep Dirt». Fleire av songane på albumet var konsertopptak frå 3. februar 1976 i Osaka i Japan. I lag med «Zoot Allures» og «The Torture Never Stops», vart «Black Napkins» eit signaturstykke for Zappa, og var med på nesten alle turneane til Zappa og mange offisielle utgjevingar.

«Wonderful Wino» vart opphavleg gjeven ut på Jeff Simmons-plata Lucille Has Messed My Mind Up i 1970. Albumet, som delvis vart produsert av Zappa (kreditert som «La Marr Bruister»), kom seinare ut på Joe's Garage i 1979.

Zappa skreiv i omslaget til Sheik Yerbouti frå 1979 at «Friendly Little Finger» frå dette albumet vart skapt ved hjelp av xenokroni.

Innhald

Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Wind Up Workin' in a Gas Station»2:29
2.«Black Napkins»4:15
3.«The Torture Never Stops»9:45
4.«Ms. Pinky»3:40
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Find Her Finer»4:07
6.«Friendly Little Finger»4:17
7.«Wonderful Wino» (Simmons, Zappa)3:38
8.«Zoot Allures»4:12
9.«Disco Boy»5:11

Rykodisc-utgåva

Zoot Allures på CD, gjeven ut av Rykodisc, er miksa forskjellig enn den originale original-LPen. Vinyl-utgåva inneheld ein litt lengre versjon av «Disco Boy» mellom anna ei nedteljing i starten av ein trommemaskin og ein lengre uttoning.

Medverkande

Musikarar

  • Frank Zappa –gitar (alle spor), synthesizer (1, 4, 5, 9), bass (1, 3–7, 9), klaverinstrument (3, 5, 7, 9), solovokal (1, 3, 4, 5, 7, 9)
  • Terry Bozzio – trommer, korvokal (5, 9)
  • Davey Moiré – solovokal (1), korvokal (1, 9), lydteknikar
  • Andre Lewis – orgel (2), vokal (2), korvokal (5, 9)
  • Roy Estrada – bassgitar (2), vokal (2), korvokal (2, 4, 5, 9)
  • Napoleon Murphy Brock – saksofon & vokal (2)
  • Ruth Underwood – synthesizer (4, 7), marimba (6, 8)
  • Captain Beefheart – munnspel (5) (som «Donnie Vliet»)
  • Ruben Ladron de Guevara – korvokal (5)
  • Dave Parlato – bassgitar (8)
  • Lu Ann Neil – harpe (8)
  • Sparky Parker – korvokal (9)

Klaverspelaren Eddie Jobson og bassisten Patrick O'Hearn, som då Zoot Allures kom ut var medlem i bandet til Zappa, er med på omslaget, speler ikkje på sjølve albumet.

Produksjon

  • Arnie Acosta – mastering
  • Amy Bernstein – design
  • Michael Braunstein – lydteknikar
  • Gary Heery – fotografi
  • Cal Schenkel – design
  • Bob Stone – digital remastering

Salslister

AlbumBillboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1976 Pop Albums 61

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Zoot Allures TittelZoot Allures Om albumetZoot Allures SongarZoot Allures InnhaldZoot Allures MedverkandeZoot Allures SalslisterZoot Allures KjelderZoot Allures BakgrunnsstoffZoot AlluresFrank ZappaWarner Bros. Records

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Knut Jørgen Røed ØdegaardAnne HoltRekreasjonBerlinmurenHakkaMMIkonostasElvis PresleyVoss heradBokmålArian EngebøVatnSkuleForbundsrepublikkDag HammarskjöldLinerleAustlia i BergenÞingvellirTrepunktsopphengMekkaApeMoldedialektNorges Kommunistiske PartiRokadeOle Kristian FurusethMargrethe II av DanmarkHektarThe 2nd LawGrevinnen og hovmesterenAlligatorarKommunar i NoregTower of PowerVernepliktCalisotaBritiske monarkarTore ScheiEdvard VII av StorbritanniaProfil-opprøretNord-AmerikaKaptein SabeltannØstfold fylkeSenjamålOdinScrabbleSognefjordenMistralvindHenrik J. LisæthVulkanar i ItaliaHylkjeLitókhoroHellasBerlinblokadenKaspihavetDet ukrainske alfabetetUrfolkStorsnøstjerneDet franske koloniriketKarinHarald V av NoregDet australske flaggetSionismeTalgjePuig MajorNorsk fonologiAustroasiatiske språkAbdusamet YigitEddadiktBerlinHosangerLine Nagell YlvisåkerGreskHistorisk oversyn over kommunar i HordalandBjørkefinkElizabeth II av StorbritanniaHestekraftIP-adresseAsta Busingye Lydersen🡆 More