Jana Pittmann, seinare Jana Rawlinson, (fødd 9.
november">9. november 1982) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sydney som internasjonalt deltok i 400 meter hekkeløp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2003 og 2007.
Jana Pittman | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 9. november 1982 (41 år) Sydney |
Idrett | friidrett, bobsleigh |
Tok del i | Vinter-OL 2014, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006 |
Pittman sigra på 400 m hekk i ungdoms-VM 1999 i polske Bydgoszcz, året etter vann ho både 400 m hekk og 400 m flatt under junior-VM i Santiago i Chile.
I 2002 sprang Pittman inn til fyrsteplass på langhekken under samveldeleikane i Manchester. Året etter sett ho personleg rekord med 53,22 sekundar då ho vann gullmedaljen på 400 meter hekk under VM 2003 i Paris. I 2006 var ho heilt suveren då ho i Melbourne forsvarte tittelen som samveldemeister i spesialøvinga.
Under friidretts-VM 2007 i Osaka sprang Pittman heilt ned mot si bestetid på 400 m hekk og tok sitt andre VM-gull på langhekken, framfor tittelforsvararen, russiske Julija Petsjonkina.
Pittman var ei tid gift med den britiske hekkeløparen Chris Rawlinson.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jana Pittman, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.