Jammerbugt er ei bogeforma 100 kilometer lang kyststrekning på vestsida av Nørrejyske Ø i Danmark, mellom Hirtshals, Løkken og Bulbjerg.
Bukta er eigenleg ein lut av Skagerrakkysten. Sørover går Jammerbukt over i Vigsø Bugt mot Hanstholm.
Kyststrekninga er utsett for nedbryting av bølgjene under storm, særleg i området kring Lønstrup. Ymse tiltak er gjort for å hindre dette, men utan avgjerande verknad. Men sør for Løkken og ved Svinkløv er kyststrekninga stabil eller jamvel i vekst ved at havet tilfører massar. Hamnene i Hirtshals og Hanstholm er viktige fiskerihamner.
Etter den danske kommunereforma i 2007 vart Jammerbugt Kommune namnet på den nye kommunen som dekkjer ein storpart av området.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jammerbugt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.