Jacob S.
Worm-Müller eller Jacob Stenersen Worm-Müller (fødd 25. desember 1884 i Oslo, død 12. november 1963) var ein norsk historikar, og son av Jacob Worm-Müller.
Jacob Stenersen Worm-Müller | |||
| |||
Fødd | 25. desember 1884 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 12. november 1963 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | historievitskap | ||
Yrke | professor, historikar, politikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Dei sameinte nasjonane | ||
Alma mater | Bergen Katedralskole | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Fedrelandslaget Norsk Kvinnesaksforening |
Han studerte i fleire år jus, og vart i 1919 dr.philos. på avhandlinga Norge gjennem nødsaarene 1807–10. Han vart dosent i historie ved Universitetet i Oslo i 1919, og professor same stad frå 1928 til 1954. Worm-Müller gav mellom anna ut Boergeneralen Christian de Wet (1902), Krisen efter Napoleonskrigene (1922), Til Norge (1946), Idéer og mennesker (1954). Han var hovudredaktør for Den norske sjøfarts historie (3 bind i 6, 1923–1951) og var redaktør for tidsskriftet Samtiden frå 1925, og frå 1943 til 1945 var han redaktør for The Norseman. Han var formann i Norges Venstrelag frå 1945 til 52 og i Nordmanns-Forbundet frå 1954 til 60.
Worm-Müller var delegat til Folkeforbundets forsamling 1926 og 1927 og deltok i San Francisco-konferansen i 1945. Han var norsk utsendig til fleire av samlinga til SN. Han var ein av dei fremste talarane i Noreg og gjorde ein viktig innsats under den andre verdskrigen, særleg i dei norske sendingane frå BBC.
Dette er eit utval av noko av verka Worm-Müller publiserte.
«Jacob S. Worm-Müller» av Gunnar Christie Wasberg i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jacob Stenersen Worm-Müller, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.