Jerome David Salinger, til vanleg J.D.
Salinger (1. januar 1919–27. januar 2010) var ein amerikansk forfattar.
J.D. Salinger | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 1. januar 1919 New York by |
Død | 27. januar 2010 (91 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar |
Religion | Zenbuddhisme, Jødedommen |
Ektefelle | Claire Douglas |
Born | Matt Salinger, Margaret Salinger |
J.D. Salinger på Commons |
Salinger blei verdskjend for romanen The Catcher in the Rye. Boka handlar om den 16 år gamle Holden Caulfield sine opplevingar i New York City etter at han har vorte kasta ut av eit internat. Holden strir på den eine sida mot forventningane til vaksenverda, på den andre sida meiner han at at dei vaksne ikkje tar han på alvor. Romanen er omsett til norsk to gonger: Hver tar sin – så får vi andre ingen (1952) og Redderen i rugen (2005). Eit viktig poeng med den siste omsetjinga var å oppdatere Holden Caulfield sin idiolekt til moderne ungdomsslang.
Etter suksessen med The Catcher in the Rye levde Salinger eit tilbaketrekt liv i Cornish i eit hus omgjeve av høge murar. Den siste publikasjonen hans var historia Hapworth 16, 1924, som kom 19. juni 1965 i New Yorker. Som i alle publikasjonane etter The Catcher in the Rye, handlar også denne om familien Glass.
Sjølv om Salinger berre skreiv ein roman, to kortromanar, novellesamlinga Nine Stories og om lag 20 noveller publisert i ulike amerikanske tidsskrift, er han ein av dei mest lesne og omtala amerikanske etterkrigsforfattarane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article J.D. Salinger, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.