Interstellart stoff eller interstellar materie (òg kalla interstellart medium) er stoffa som er samla mellom stjernene i ein galakse.
Dette stoffet består som oftast av atom i ionisert og molekylær form, støv og kosmisk stråling. Emisjontåker består av varm hydrogengass som er ionisert av varme stjerner og sender ut lys på bestemde bølgjelengdr i form av eit emisjonspektrum. Mørke tåker har større tettleik og avteiknar seg mot ein lysare bakgrunn av stjerner eller lysande tåker. Andre er refleksjonståker som reflekterer lys frå stjerner i nærleiken. Her finn vi òg kalde og tette molekyltåker, som inneheld mykje gassmolekyl, og dessutan tåker med kald nøytral hydrogengass. Dei vert først og fremst observert i radiobølgjeområdet. Det finst òg ein særs tynn og varm gass som sender ut røntgenstråling.
Mellom fem og ti prosent av materien i Mjølkevegen er interstellart stoff.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Interstellart stoff, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.