Indredepartementet var eit norsk departement som stod for ein del av statstyringa i perioden 1846–1902.
Indredepartementet vart vedteke ved kongeleg resolusjon den 16. juli 1845. Departementet vart oppretta 1. januar 1846, delt opp i seks kontor (avdelingar). Indredepartementet fekk overført oppgåver frå både Justisdepartementet, Finansdepartementet og Kyrkjedepartementet.
Indredepartementet var eit av dei største departementa, og spelte ei viktig rolle i utviklinga av det norske samfunnet. Både handel og sjøfart, poststellet, vegnettet, bygnings- og brannvesenet, forsikringssaker, nærings- og distriktspolitikk, samt nasjonal statistikkføring sokna til departementet. Etterkvart som Noreg utvikla ny industri fekk departementet ansvar for nye felt, som undervisning, sinnsjukevesenet, utskiftningsvesenet og jernbanevesenet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Indredepartementet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.