Finansdepartementet I Noreg

Finansdepartement i Noreg skal planlegge og setje i verk den økonomiske politikken, samordne arbeidet med statsbudsjettet, syte for at det offentlege får inn skattar og avgifter, og overvake og utarbeide reglar for tilsyn og verksemd i finansmarknadane.

Finansdepartementet (FIN)
Finansdepartementet I Noreg
Offisielt namnFinansdepartementet, Finans- og tolldepartementet, Finans-, handels- og tolldepartementet
TypeDepartement
VirkefeltNoreg
Skipa1814
Org.nummer972417807
StatsrådTrygve Slagsvold Vedum (Sp)
HovudkontorAkersgata 40, Oslo
UndergrupperRegjeringa i Noreg
Tilsette314 (2014)
JurisdiksjonNoreg
Nettsidehttps://www.regjeringen.no/no/dep/fin/
Finansdepartementet I Noreg
Inngangspartiet i Finansdepartementet

Finansdepartementet blei oppretta i 1814, etter at Noreg erklærte seg som ein sjølvstendig stat. Departementet skulle vareta viktige oppgåver for den nye nasjonen knytt til økonomien og finansane i staten.

Finansdepartementet er rekna som det mektigaste departementet i Noreg, fordi dei fleste forslag frå andre departement har økonomiske konsekvensar som blir analysert og vurdert av Finansdepartementet.

Departement held til i den gamle regjeringsbygningen («G-blokka») i Akersgaten 40 i Oslo.

Organisasjon

Departementet er delt inn i seks fagavdelingar, i tillegg til administrasjonsavdelinga og informasjonseininga. Det har i alt om lag 300 tilsette, der dei fleste er samfunnsøkonomar, juristar eller siviløkonomar.

  • Økonomiavdelinga samordnar den økonomiske politikken, og trekkjer blant anna opp rammer for bruken av oljepengar over statsbudsjettet. Denne avdelinga har ansvar for å lage prognosar for den økonomiske utviklinga i Noreg, og lagar Nasjonalbudsjettet blant anna på bakgrunn av desse. Avdelinga står også for dei fleste analysane i Langtidsprogrammet. Økonomiavdelinga vedlikeheld og forvaltar dei fleste av dei makroøkonomiske modellane som departementet rår over. Avdelinga har også ansvaret for å lage regelverket for pengepolitikken. Økonomiavdelinga har etatsansvar for Statistisk sentralbyrå.
  • Finansavdelinga har ansvaret for å utarbeide Statsbudsjettet kvar haust og Revidert nasjonalbudsjett kvar vinter, og har etatsstyringsansvar for Senter for statleg økonomistyring. Avdelinga forhandlar bilateralt med kvart departement gjennom budsjettprosessen.
  • Skattelovavdelinga har ansvaret for skatte- og avgiftslovgjevinga og har etatsstyringsansvar for Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten. Skattelovavdelinga utarbeider også forskrifter og rundskriv som presiserer skattelovgjevinga, og har hovudansvaret for arbeid med endring av denne.
  • Skatteøkonomisk avdeling analyserer konsekvensar av skattesystemet, og har hovudansvaret for provenyutrekningar knytte til både regjeringa sin skatte- og finanspolitikk, og dei forslaga som opposisjonen i Stortinget kvar haust sender departementet for å få utarbeidd konsekvensanslag for forslaga. Avdelinga rår over makroøkonomiske modellar som analyserer realverknaden av ulike skattereglar.
  • Finansmarknadsavdelinga har ansvaret for finansmarknadslovgjevinga og etatsstyringa for Kredittilsynet. Inntil 2007 forvalta også avdelinga Regjeringen sin eigarpost i banken DnB NOR, men forvaltinga av denne eigarposten er sidan flytta til NHD.
  • Avdeling for formuesforvalting utformar investeringsstrategien for Statens pensjonsfond - Noreg, («Folketrygdfondet») og Statens pensjonsfond - Utland («Oljefondet»). Avdelinga har oppfølgingsansvar for Noregs Bank, som forvaltar Statens pensjonsfond - Utland på vegner av departementet, og for Folketrygdfondet som er blitt delegert oppgåva med forvaltinga av Statens pensjonsfond - Norge.

Departementet sine underordna etatar er:

I tillegg forvaltar departementet staten sine eigarinteresser i særlovselskapet Folketrygdfondet.

Departementet har fagansvaret for lov om Norges Bank og pengevesenet, men Noregs Bank har ei sjølvstendig stilling i høve departementet. Banken kan berre instruerast av Kongen i statsråd, jf. sentralbankloven § 2.

Leiinga i departementet

Politisk leiing

Statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) er sidan 20. oktober 2021 Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet. Han blir bistått av fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar.

Administrativ leiing

Øvste administrative leiar er finansråd Hans Henrik Scheel frå 1. februar 2015. Kvar av avdelingane blir leia av ein ekspedisjonssjef, som i dei aller fleste tilfelle har rykt opp som interne kandidatar frå departementet sitt eige embetsverk.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

Finansdepartementet I Noreg OrganisasjonFinansdepartementet I Noreg Leiinga i departementetFinansdepartementet I Noreg Sjå ògFinansdepartementet I Noreg KjelderFinansdepartementet I NoregStatsbudsjett

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Strålingsbalansen til jordaElon MuskPredatorMosesHege SchøyenNy-CaledoniaHelena BrodtkorbIngrid Syrstad EngenFylkesveg 363Romteleskopet HubbleCHOBA B CCCPIsraelFinancial TimesArnaRowan Atkinson1521UngarskNynorskEuphoria av LoreenThérmiAlpaneKattaÅge AleksandersenSionismeOs kommune i HordalandInnsjøar i SverigePeggy SueCounty DurhamRomeo and Juliet av Dire StraitsKortromanWarszawaRød snøLourdesGulIonaAnders HovdenVériaMaginotlinaChristianiaBjørnar LøbergKokosøyaAlbert EinsteinSamvirkelagDen siste nattverdenHovdyrJohannespasjonen av BachPrawo i SprawiedliwośćStareRPablo NerudaNasjonaldraktWaylon JenningsHistorisk fiksjonPåskehareNedbørSlaget ved WienJavaLagerthaLive at the BBC av Dire StraitsMaybe BabyBrown Eyed Handsome ManHina Rabbani KharDílosPred da se razdeniPåskeprosesjonSunnhordlandske ord og vendingarErik FollestadMånenBrossviksåtaEncores av Dire StraitsGotlandHeartbreak HotelVerdas landDorsetLudwig van Beethoven🡆 More