In The Lap Of The Gods... Revisited

«In the Lap of the Gods...

In the Lap of the Gods... Revisited
Song av Queen
frå albumet Sheer Heart Attack
Utgjeve 8. november 1974
Innspelt Juli 1974 i Rockfield Studios
Sjanger Hardrock, stadionrock
Lengd 3:42
Selskap EMI (UK), Parlophone (Europe), Elektra (US)
Komponist Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Roy Thomas Baker, Queen

Revisited» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av frontmannen Freddie Mercury. Han er den siste songen på albumet deira Sheer Heart Attack frå 1974. Han inneheld eit mektig anthem-aktig refreng og vert rekna som ein føregangar til «We Are the Champions». Songen finst òg på samlealbuma Deep Cuts, Volume 1 (1973-1976) og Queen Forever.

Sjølv om han har liknande namn som ein annan song frå same albumet, er det få likskapar mellom dei to.

Bakgrunn

Mercury var i eit forhold med Mary Austin, men hadde byrja å stille spørsmål ved den seksuelle legninga si tidleg til midten av 1970-åra. I desember 1974, då han vart spurt, «Så korleis er det å vere skeiv?» i eit intervju med New Musical Express, svarte han, «La oss ei det slik; det var gonger då eg var ung og grøn. Det er ein sak skulegutar går gjennom. Eg har min del av gutestrekar. Eg går ikkje inn i fleire detaljar enn det.» Homoseksuelle handingar mellom vaksne menn over 21 var blitt avkriminalisert i Storbritannia i 1967. Bandkollegaen Brian May har spekulert i om songen var Mercury sin måte å uttrykke frustrasjon om å ikkje kunne vere open homofil.

Musikalsk struktur

Byrjinga av songen er strukturert som ein ballade kring pianoet til Mercury, med bass og trommer, og langsamt glir det over eit tungt refreng dominert av elektrisk gitar og sungen med solovokal. Etter det første refrenget, går han over i eit rolegare andre vers, før han går over i eit kjent refreng (no sungen med korharmoniar) og dette vert repetert seks gonge til songen endar med eksplosjonsaktige lydar.

Konsertversjonar

Songen vart nytta som avslutningslåt frå og med Sheer Heart Attack-turneen i 1974 fram til A Day at the Races-turneen i 1977. På desse konsertane vart det nytta spesialeffektar for å skape teateratmosfæren bandet ønskte. Røyk dekte scenen under det første refrenget og songen enda med pyroteknikk. Ein forkorta versjon med gitararrangement var spelt på den siste turneen til bandet med Mercury i 1986.

I nyare tid spelte Queen songen med Adam Lambert i 2014. Songen var då del av ein medley med «Seven Seas of Rhye».

Konsertopptak

Medverkande

Kjelder

Tags:

In The Lap Of The Gods... Revisited BakgrunnIn The Lap Of The Gods... Revisited Musikalsk strukturIn The Lap Of The Gods... Revisited KonsertversjonarIn The Lap Of The Gods... Revisited KonsertopptakIn The Lap Of The Gods... Revisited MedverkandeIn The Lap Of The Gods... Revisited KjelderIn The Lap Of The Gods... RevisitedDeep Cuts, Volume 1 (1973-1976)Freddie MercuryQueenSheer Heart AttackWe Are the Champions

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LatviaIstriaPeggy SueVladimir VysotskijEurystomusByen BremenTsjerkasy oblastRoald ØyenNattverdSpekkYosef Wolde-MariamTommeVest-Tyskland1619Jonas Gahr StøreSaltRaphaël PoiréeAbbaAre KalvøSein juraA Whiter Shade of PaleVM i fotball 2014Mickey RaphaelBodø kommuneSalhusPeriferieininga ThessaloníkiThe Star-Spangled Banner14. desemberSkandinaviaHal LindesKelly ClarksonElsa LystadFilmen Harry Potter og ildbegeretAnother One Bites the DustChristianiaRød snøKusymreSanskritBjørnar LøbergByar i HellasCHOBA B CCCPDen apostoliske truvedkjenningaEllen NikolaysenAbkhasiaFlåklypa Grand PrixBolsjevikFrisk Asker IshockeyAnimismeThérmiBjarte TjøstheimIt Doesn't Matter AnymoreTrikktrakkCataloniaOlympiske leikarRowan AtkinsonTidlegare kommunevåpen i NoregBergenLa RochelleEncyclopædia BritannicaLærdalstunnelenMaroon 5La BambaDire Straits av Dire StraitsMetroland av Mark KnopflerFilippinaneElon MuskRolv WesenlundBangladeshKeisarkanalenPåskekrimKattaByar i NoregEnglandNord-DakotaKoronapandemien🡆 More