Honda Motor Co., Ltd.
I tal på einingar er Honda den største produsenten av motorar i verda.
Honda | |||
| |||
Hovudkvarteret til Honda i Minato i Tokyo. | |||
Org.form | Kabushiki kaisha | ||
---|---|---|---|
Bransje | Bilindustri, industriell produksjon | ||
Skipa | 24. september 1948 | ||
Dotterselskap | American Honda Motor Company | ||
Eigenandel i | Acura | ||
Land | Japan | ||
Produkt | bil, motorsykkel, lastebil, robot, fly, motor, elektrisk generator, hagebruksreiskap, Et cetera | ||
Grunnleggjar(ar) | Takeo Fujisawa | ||
Salsinntekter | 871 200 000 000 japansk yen (2022) | ||
Omsetnad | 871 200 000 000 japansk yen (2022) | ||
Resultat | 707 000 000 000 japansk yen (2022) | ||
Nettstad | https://global.honda (engelsk), http://www.honda.co.uk/ (engelsk) |
Honda vart stifta i 1948 av Soichiro Honda, og har hovudkvarteret sitt i Tokyo. Soichiro Honda hadde tidlegare produsert stempelringar for den japanske marknaden.
I 1981 opna Honda produksjonsanlegg utanfor Japan. I USA produserte og selde dei dyrare modellar under namnet Acura frå 1986. I Storbritannia gjekk bilane først under Triumph-merket, sidan som Rover. Samarbeidet med Rover førte også til at Land Rover Discovery i ei periode vart seld i Japan som Honda Crossroad.
Honda har i mange år levert motorar til Formel 1, blant anna til Williams, McLaren og BAR-laget i 2000. I 2005 kjøpte Honda opp BAR-laget 100% og som Honda Racing F1 driv no Honda formel 1 også som konstruktør, noko bilprodusenten og gjorde ei kort tid mellom åra 1964–1968.
Hanne Skotvedt, som er dotter av bilimportøren Oscar Skotvedt, starta firmaet Hasco (seinare Hasco Norge AS) i april 1970 for å ta inn Honda N600.
På slutten av 1990 talet skifta Hasco Norge namn til Skotvedt AS og beheldt Honda-importen ut 2000. Då tok Honda Motor Europe Ltd. Norge over, eit dotterselskap av Honda.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Honda, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.