Hallingdalens Historie

Trebandsverket Hallingdalens Historie vart forfatta av handelsmannen Tolleiv G.

Myhre og utgjeve på eige forlag i 1920-åra. Boka vart skriven på riksmål og tok mål av seg til å gje att heile soga om Hallingdal frå tidleg historisk tid. Verket er ikkje rekna som nokon god kjelde, men syner stor lokalpatriotisk sans. I visse høve kan ein sjå at forfattaren har nytta lokale munnlege kjelder, og har arbeidd godt med biletmaterialet.

Historia er inndelt etter kommunane i dalen, med Hol kommune først på lista. Etter Hol går forfattaren nedetter, gjennom Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå. Kvar kommune får eit historisk riss, og alle hallingar som kjempa i Napoleonskrigane er omhugsamt rekna opp, minnestein for minnestein dalen ende ned.

Boka er i dag rekna som ein kuriositet, og teiknar like mykje eit bilete av oppfatninga i tida, for ikkje å snakke om forfattaren sjølv, som av Hallingdal. Boka er mest etterretteleg på nær historie og lokale, munnlege forteljingar.

I bygdeboka Folk og fortid i Hol skriv Lars Reinton at boka er «interessant».

Tags:

1920-åraForlagHallingdalRiksmål

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EtanolMuscatEbba HultkvistPedro I av BrasilSilvia av SverigeHellasSkandinaviaNato-alfabetetSikhismenNotfiskeVerkstadBjørkefinkSoltidNorsk ytre språkhistorieVestlandetKallifóniKlima i ArgentinaPilAbdusamet YigitLoddeFreddie MercuryMicrosoft WindowsFilmserien Harry PotterMoldedialektIndiaNihilismeCarl LarssonSirkelKognitivismeCelsiusVaterbordMaiken Caspersen FallaSvanesjøenIvar Lo-JohanssonLagerthaBalusterStortinget T-banestasjonTrøndelag fylkeApeKari BakkeHarry HoleNyttårSjakkEJordbruksrevolusjonenMolde kommuneDS «Iris» (1901)NasjonaldraktWiki CommonsTwitterTausHardy-gutteneEllen DeGeneresFaryngittVM i fotball 2022RimTeknologiSamisk kulturSjølvstendeAtle HansenBizkaiaRussisk litteraturPer PaustVólosNyrekapselBergen kommunePakistanIne Marie WilmannLava🡆 More