Ei grein er ein forveda plantedel som veks ut frå stamma på tre eller buskar.
Ordet kan òg brukast om forgreiningar på røter, fjordar, gevir o.l. Det vert brukt endå oftare om forgreiningar på slektsliner og om spesialfelt innan næringsliv (næringsgrein; også kalla 'bransje' etter engelsk branch). Eit sett øvingar innan idrett kan verte kalla ei 'idrettsgrein'.
Ordet har opphav i ei germansk rot *grî, som tyder 'vere open', 'atskilje'. Den same rota finst att i verbet grine (som i preteritum har forma grein) - 'trekkje på munnen slik at tennene visest', eit ord som i dansk tyder 'smile', 'le', og i norsk tyder 'å skjere grimasar' eller 'gråte'.
På tre med kraftig apikal dominans vil endeknoppen sende ut signalstoff, spesielt auxin, for å hinde at sideskott utviklar seg til nye toppskott eller dominerande greiner. Dersom toppen vert kappa av, kan sidegreiner utvikle seg til nye toppskott. Harde klimatiske tilhøve eller feil proviniens kan svekke den apikale dominansen, slik at tre utviklar kraftigare greiner enn vanleg. Difor vil tre i fjellskogen ofte vere kraftigare forgreina en tre i låglandet. God lystilgang vil òg fremje forgreininga.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Grein, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.