Girls Aloud er ei britisk popgruppe med fem unge jenter som medlemmer – Nadine Coyle, Kimberley Walsh, Nicola Roberts, Cheryl Cole og Sarah Harding.
Gruppa blei til i samband med ein talentjakt i reality-programmet Popstars: The Rivals i 2002, der det blei vald ut ei gutegruppe og ei jentegruppe som så skulle tevla om kven sin singel som selde best. Girls Aloud vann tevlinga og fekk platekontrakt med Polydor.
Girls Aloud blei ei svært populær britisk gruppe med ei uavbroten rekke med seksten singlar som gjekk inn på Top 10-lista, fire plater som selde til platina, og over 4,6 millionar platesal berre i Storbritannia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Girls Aloud, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.