Georg Thoma

Georg Thoma (fødd 20.

august">20. august 1937) er ein tysk, tidlegare kombinertløpar og skihoppar frå Hinterzarten. Han vart olympisk meister i kombinert under OL 1960 i Squaw Valley, og tok bronsen under vinterleikane i Innsbruck fire år seinare. I 1966 vart han verdsmeister i kombinert i Oslo.

Georg Thoma

Georg Thoma
Georg Thoma etter han vart verdsmeister under Ski-VM 1966.

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 20. august 1937 (86 år)
Hinterzarten
Idrett kombinert, skihopping
Tok del i

Lahtisspelen, Q1716398, Holmenkollen skifestival, Svenska skidspelen, Ski-VM 1966, Nordic combined at the 1960 Winter Olympics, Nordic combined at the 1964 Winter Olympics

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Verdienstkreuz 1. Klasse des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Baden-Württembergs fortjenstorden, Holmenkollmedaljen, Sportler des Jahres, olympisk gullmedalje, verdensmester, Hall of Fame des deutschen Sports, Georg von Opel Award

Skihopparen Dieter Thoma er brorsonen hans.

Aktiv

Thoma kom på fjerdeplass i Bischofshofen i januar 1957, avslutningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka der han samanlagt vart nummer åtte. Året etter vart han nummer 16 i kombinertøvinga og nummer 27 i hopprennet for spesialistar under ski-VM i Lahti. I 1959 deltok han i Holmenkollen og kom på åttandeplass i kombinert.

I 1960 vart Thoma nummer sju i den tysk-austerrikske hoppveka, etter femteplassar både i Garmisch-Partenkirchen og Innsbruck. Deretter reiste han til vinter-OL i Squaw Valley i California, der han vann OL-gullet med nesten fem poengs margin til sølvvinnaren, Tormod Knutsen frå Noreg. I OL-sesongen tok Thoma elles den fyrste av tre vesttyske meisterskapstitlar i skihopping. Han gjentok prestasjonen i 1961 og 1963. I 1961 vart Thoma elles ein klar vinnar av kombinertrennet i Lahti.

Nyårsdag i 1962 hoppa Thoma seg til siger i hoppvekerennet i Garmisch-Partenkirchen. Kanskje var det like imponerande då han i hoppveka året etter vart nummer tre i Innsbruck og kom på andre plass i Garmisch-Partenkirchen, ettersom mange fleire av topphopparane deltok i den siste hoppveka. Norske Toralf Engan vann då begge dei nemnde renna og hoppveka, medan Thoma hamna på sjetteplass samanlagt. Seinare i 1963-sesongen var Thoma heilt suveren både då han vann kombinert i Svenska skidspelen i Falun og i Holmenkollrenna.

Thoma fekk i 1964 bronsemedaljen i kombinert under vinter-OL i Innsbruck. Sidan vann han ein ny klar siger i Holmenkollrenna og vart tildelt Holmenkollmedaljen. Etter å ha vunne kombinertrennet i Lahti i 1965 med 36 poeng, sikra han seg sin tredje siger på rad i Holmenkollen. I 1966 var det verdsmeisterskap på ski i Kollen-løypene og enno ein gong gjekk sigeren til Thoma, som vart verdsmeister i hard konkurranse med landsmannen Franz Keller. Thoma la etter meisterskapen opp som aktiv.

Kjelder

Tags:

193720. augustInnsbruckKombinertNordiske greiner under vinter-OL 1960Nordiske greiner under vinter-OL 1964OsloSkihoppingSquaw ValleyTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GeitPelterbreenKasakhstanSilvestre y La Naranja45SverigeKjønnslepperBy1958Knut den mektigeGjær101932EineMasafueratornstjertHideto TakahashiTuzlaTor Erling StaffSamleieKoalaEncyclopædia BritannicaKArne Henning ÅrskaugSamisk kultur67FuruDamplokomotivCatherine av CambridgeC69LamaVeiviserenVatikanstatenTRonny Brede AaseBahareh LetnesJordskokkTeokratiPandaListe over primtalCathinka GuldbergLev TolstojDen europeiske unionenHovudRubiks kubeIranHydrokarbonKalaMicrosoftFlisaMikroklinSigbjørn ObstfelderSkottlandStormfulle høyderFjernsynVulkanEngelsk95GreskOregonPeer GyntBrå stratosfærisk oppvarmingPortugal6240Det norske alfabetetKroatiaTurbanElizabeth II av StorbritanniaLydopptakSjeherasadBelgiaBouvetøyaAgenda 203071SommartidSaudi-ArabiaGeotermisk gradient🡆 More