Gary Brooker, MBE, (fødd 29.
mai">29. mai 1945, død 19. februar 2022) var ein engelsk songar, låtskrivar, pianist og ein av grunnleggarane av rockebandet Procol Harum. Brooker vart medlem av Order of the British Empire i 2003 for det veldedige arbeidet sitt.
Gary Brooker | |||
| |||
Fødd | 29. mai 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hackney, East London | ||
Død | 19. februar 2022 (76 år) | ||
Dødsstad | Surrey | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1962–2022 | ||
Sjanger | Progressiv rock, rock and roll, jazz | ||
Instrument | Vokal, piano, kornett, trombone | ||
Tilknytte artistar | Procol Harum The Paramounts Willie and the Poor Boys Bill Wyman's Rhythm Kings | ||
Verka som | Musikar | ||
Prisar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Brooker vart kjend gjennom innspelingane sine med Procol Harum, der særleg samarbeidet med Keith Reid var vellukka. I 1967 stod dei bak suksessen «A Whiter Shade of Pale». Etter at bandet vart oppløyst i 1977, starta Brooker ein solokarriere og har vore gjestemusikar med blant andre Paul McCartney, George Harrison, Tim Renwick, Frankie Miller, Mickey Jupp, The Hollies, Alan Parsons Project, Allan Clarke, Kate Bush, Bill Wyman og Eric Clapton.
I 1996 spelte han i filmen Evita med Madonna, Jonathan Pryce og Antonio Banderas. Etter at Procol Harum vart samla att i 1990-åra starta bandet å turnere, noko dei framleis gjer i dag. Brooker er det einaste originale medlemmet att i bandet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gary Brooker, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.