Fosensaka

Fosensaka er ein norsk konflikt om vindkraftutbygging på Fosen i Trøndelag mellom på den eine sida reindriftssamane i Fosen reinbeitedistrikt og på den andre sida den norske staten ved Olje- og energidepartementet og utbyggjarane i Fosen Vind og operatørane Statkraft og Aneo.

Reineigarane på Fosen er sørsamar. Striden står om dei to vindkraftverka Storheia og Roan, hovudsakeleg i Åfjord kommune, som til saman har 151 vindturbinar. Høgsterett fastslo i 2021 at rettane til reindriftssamane etter SN-konvensjonen om sivile og politiske rettar var brotne og at konsesjonen til Olje- og energidepartementet for utbygging var ugyldig. 500 dagar etter høgsterettsdommen, frå 23. februar til 3. mars 2023, pågjekk ein sivil ulydnadsaksjon i Oslo som medførte at Støre-regjeringa bad om orsaking overfor reindriftssamane på Fosen for at menneskerettane deira var brotne.

Fosensaka
Illustrasjonsfoto frå Bessakerfjellet vindpark, eit anna vindkraftverk på Fosen. Desse vindturbinane har ein rotordiameter på 71 meter mens dei omstridte vindturbinane har ein rotordiameter på 117 meter.

Reindrifta

Fosen reinbeitedistrikt er ein del av Nord-Trøndelag reinbeiteområde og består av to sidaer: Sør-Fosen sijte og Nord-Fosen siida med til saman 33 reindriftssamar i seks reineigarfamiliar. Til saman har dei løyve til å ha 2 100 rein. Dei fjellrabbane der vindkraftverka står er dei områda det blæs mest, det vil seie at snøen blæs vekk slik at reinen har lett tilgang på reinlav som blir brukt til vinterbeite.

Samane kritiserte Fosen Vind for å vanskeleggjere reindriftFosenhalvøya på våren. Dei kravde i utgangspunktet kompensasjon i form av område, ikkje pengar. I ein rapport frå 2008 vurderte ekspertar at nokre område påverkar reindrift monaleg (Storheia), mens andre gjer det mindre (Harbaksfjellet). Sentralområda og lågland betyr mest for reindrifta, mens kystområda blir brukte som reserveområde i år med mykje nedising av dei sentrale beiteområda.

Vindkraftverka

Striden står om dei to vindkraftverka Storheia og Roan som til saman har 151 vindturbinar. Dei kan produsere 3,6 MW kvar, har ei tårnhøgde på 87 meter, og rotordiameteren er 117 meter.

Storheia vindpark er den sørlegaste og har 80 vindturbinar. Kraftproduksjonen starta i 2019, og årsproduksjon er rekna til 1 TWh. Vindparken dekkjer eit område på i underkant av 38 kvadratkilometer. Tilkomstveg og interne vegar er på til saman cirka 62 kilometer. Statkraft stod for utbygginga og er operatør. Kraftverket er eigd av Fosen Vind som er eigd av Statkraft, 52,1 %, Nordic Wind Power, 40 %, og Aneo, tidlegare TrønderEnergi, 7,9 %. Nordic Wind Power er eigd 50 % av det sveitsiske investeringsfondet EIP (Energy Infrastructure Partners AG) og 50 % av det sveitsiske kraftselskapet BKW Energie AG (per 2023).

Roan vindpark ligg lenger nord og har 71 vindturbinar. Start for bygginga var i 2016, kraftproduksjonen starta i 2018, og rekna årsproduksjon er på 884 GWh.

I 2021 blei Roan vindpark skild ut frå Fosen Vind og blei eit eige selskap, Roan Vind. Aneo er operatør. Kraftverket er eigd av Aneo Roan Vind Holding med 60 % og Nordic Wind Power med 40 %. Aneo Vind Holding er eigd 51 % av Aneo og 49 % av Stadtwerke München.

Rettsprosessar

Fosensaka 
Noregs Høgsterett sin dom i Fosensaka.

I overskjøn halden av Frostating lagmannsrett i 2020 var retten i tvil når det gjaldt brot på SNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP) artikkel 27. Retten fann at det ikkje var gjort brot på konvensjonen, fordi reinen kunne vinterfôrast. Retten fastsette ei samla erstatning på 90 millionar kroner til dei to sidaene. Erstatninga blei gjeven for investeringar i anlegg og utstyr, fôringskostnadar og utgifter til samling og utslepp fordi dei må leggje om drifta, byggje gjerde og fôre reinsdyra i store delar av vinteren i all framtid. Begge partar anka overskjønet inn for Høgsterett. Staten ved Olje- og energidepartementet var partshjelpar for Fosen Vind.

Høgsterett behandla saka i storkammer, det vil seie at elleve av dei 20 dommarane i Høgsterett deltek i spesielt viktige saker. Den 11. oktober 2021 fastslo Høgsterett at rettane til reindriftssamane etter SP artikkel 27 var krenkte. Med det erklærte Høgsterett konsesjonen og ekspropriasjonsvedtaka om utbygging av Storheia og Roan vindkraftverk som ugyldige. Overskjønets avgjersle om erstatning fall dimed bort. Høgsterett tok ikkje stilling til om vindturbinane skulle rivast eller ikkje.

Demonstrasjonar i Oslo

Fosensaka 
Ella Marie Hætta Isaksen var talsperson for aktivistane i Oslo 23. februar–3. mars 2023
Foto: Tore Sætre

I 2023 blei det gjennomført større demonstrasjonar i Regjeringskvartalet i Oslo mot Støre-regjeringa si manglande oppfølging av Høgsteretts dom, 500 dagar etter at dommen var rettskraftig. NSR-N (Ungdomsorganisasjonen til Norske Samers Riksforbund) og Natur og Ungdom stod bak aksjonane. Torsdag 23. februar 2023 tok 13 aksjonistar seg inn i foajéen til Olje- og energidepartementet for å protestere. Aksjonistane blei natt til 27. februar borne ut av politiet, men heldt fram aksjonen utanfor departementet dagen etter. Inngangane til Olje- og energidepartementet, Finansdepartementet og åtte andre departement blei etter tur sperra, noko som medførte at dei tilsette blei oppfordra til å bruke heimekontor. Politiet fjerna demonstrantar i fleire omgangar etter at dei på oppfordring frå politiet ikkje ville fjerne seg friviljug. Ella Marie Hætta Isaksen var ein av talspersonene for aktivistane. Ho hadde nyleg spelt hovudrolla som sameaktivist i Altakonflikten i filmen Ellos eatnu – La elva leve som hadde premiere tidlegare i 2023. Den svenske aktivisten Greta Thunberg deltok i aksjonen og blei fleire gongar boren bort av politiet.

Aksjonen blei toppsak i nyheitene i Noreg, og var tema i Dagsnytt 18 mandag 27. februar og i Debatten tirsdag 28. februar. Energiminister Terje Aasland deltok begge stadar og ville der korkje beklage overfor samane eller gå med på at det at vindturbinane går til trass for avgjersla til Høgsterett er eit pågåande menneskerettsbrot. Torsdag 2. mars 2023 beklaga energiminister Terje Aasland, på vegner av regjeringa, menneskerettsbrot overfor Fosen-samane i eit eige møte. Same dag blei det halde eit møte mellom Aasland, landbruksminister Sandra Borch og sametingspresident Silje Karine Muotka for å diskutere vegen vidare. Fredag 3. mars heldt statsminister Jonas Gahr Støre eit frukostmøte med dei aktuelle reineigarfamiliane der han innrømde at det pågjekk eit menneskerettsbrot.

Fredag 3. mars blei aksjonen avslutta med eit møte på Eidsvolls plass før aksjonistane sette seg ned i ein stille demonstrasjon framfor Slottet då regjeringa heldt statsråd. Om kvelden blei det halde ein støttekonsert med samiske artistar der blant andre Mari Boine, Marja Mortensson og Agnete Saba deltok.

Onsdag 11. oktober 2023, to år etter at Høgsterett slo fast at løyvet til utbygginga av vindturbinane på Fosen er ugyldig, sperra aksjonistane delar av Karl Johans gate med lavvoar og aktivistar. Same dag tok 20 aksjonistar seg inn i vandrehallen på Stortinget, sette seg ned og joika i protest. Seinare på kvelden blei aksjonistane borne ut av politiet.

Sjå og

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Fosensaka ReindriftaFosensaka VindkraftverkaFosensaka RettsprosessarFosensaka Demonstrasjonar i OsloFosensaka Sjå ogFosensaka KjelderFosensaka BakgrunnsstoffFosensakaFosenJonas Gahr Støre si regjeringMenneskerettarNoregs HøgsterettOlje- og energidepartementetReinbeitedistriktReindriftStatkraftSørsamarTrøndelagVindkraftVindkraftverkVindturbinÅfjord kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BrasilSamleieSiamGalileo GalileiGulPersiskArtemisKosmogoniMidsommarEngelskSvarthyllNord-KyprosProfessor emeritusJon AlmaasGarden KatthultTønsberg kommuneDentalSneppålFinsk fonologiMeranoClement AttleeSigmaAlsaceWikimaniaTorsdagVestlandetNetflixHTMLAust-TimorSpaniaFilmen Harry Potter og fangen fra AzkabanLahti-renna 1975Opplagd mjølkLe CorbusierSosiale mediumPuddelrockHavørnUnicodeGeitetårnTjøttaLagerthaTranebærTommeKaspihavetVladimir PutinGuvernørBåhus festningEvangerSandsøya i SandeNasjonaldyrPåskehareTerroråtaka 11. september 2001Amund SkiriUstedalenKarl X av FrankrikeKopparTadsjikistanElon MuskVevdesignPlantarMFreddie MercuryGrønlandAndNormandieBiologisk familieSnap av Rosa LinnSacramentoCarl Philip av SverigeNormaltidArnanipatunnelenMuscatGramTsjetsjeniaAlaskaStilark🡆 More