Finn Ravndal (fødd 1942 i Nesna) er ein norsk fysikar.
Finn Ravndal | |||
| |||
Fødd | 24. august 1942 Nesna | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | kvantefeltteori | ||
Yrke | fysikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Noregs tekniske høgskole California Institute of Technology | ||
Doktorgradsrettleiar | Richard Feynman | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Han byrja studia sine på linja for teknisk fysikk ved NTH i 1961. I 1966 var han ferdig utdanna sivilingeniør med ei diplomoppgåve innan teoretisk fysikk under leiing av Harald Wergeland. To år seinare mottok han graden dr.ing. med eit arbeid innan teoretisk elementærpartikkelfysikk. Frå 1968 fortsette han vidaregåande studium ved California Institute of Technology der han i 1971 fekk ein Ph.D. grad. Han blei der i tre år til som postdoc og fortsette som forskar ved NORDITA i København frå 1974 til 1976. Då blei han tilsett som professor i teoretisk fysikk ved Universitetet i Oslo der han arbeidde fram til 2012. Ravndal er spesielt kjent for grunnleggjande arbeid innan teoretisk elementærpartikkelfysikk og kvantefeltteori.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Finn Ravndal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.