Fennougristikk er vitskapsgreina som utforskar finsk-ugriske, eller meir generelt, uralske språk.
Fennougristikken står rimelegvis sterkast i Finland og Ungarn, men også Estland, Tyskland og Russland er viktige.
Sentrale tidsskrift innanfor finskugrisk forsking er Finnisch-ugrische Forschungen, Linguistica Uralica og Finnisch-Ugrische Mitteilungen. Det viktigaste vitskaplege selskapet for fennougristikk er Société del la Finno-Ougrienne (Suomalais-Ugrilainen Seura), som har sekretariat i Helsingfors.
Det er mogleg å hevde at fennougristikken vart grunnlagt med János Sajnovics si Demonstratio. Idioma Ungarorum et Lapponum idem esse frå 1770, der han viste det langt frå trivielle faktum at samisk og ungarsk er slektspråk.
På same måten som utforskinga av indoeuropeiske språk var fennougristikken på 1800-talet sterkt historisk orientert, og junggrammatikken stod sterkt. Vilhelm Thomsens påvising av korleis urgermanske lånord har halde seg uforandra i finsk hadde stor innverknad på E.N.Setälä og andre fennougristar i Finland.
I Noreg har fennougristikken konsentrert seg om utforskinga av samisk. Av norske språkforskarar har m.a. Knut Bergsland drege andre uralske språk inn i forskinga si, m.a. med ein artikkel om objektkonjugasjonen i mordvinsk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fennougristikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.