Fanerozoikum er eonet som vi no er inne i og tidsperioden då det meste av dyrelivet har eksistert.
Fanerozoikum 542 - 0 million år sidan | |
Geologiske periodar Skala: Millionar år sidan |
Perioden dekkjer om lag dei siste 545 millionar åra og strekkjer seg tilbake til då dei første dyra med hardt ytre dukka opp. Namnet kjem frå gresk og tyder «synleg liv» og viser til dei mange organismane som dukka opp i den kambriske eksplosjonen. Tida før fanerozoikum vert ofte kalla prekambrium (i dag delt inn i hadeikum, arkeikum og proterozoikum). Den nøyaktige grensa mellom fanerozoikum og proterozoikum er noko usikker. På 1800-talet vart grensa sett til dei første talrike fossila av fleircella dyr dukka opp. Sidan 1950-talet har derimot fleire hundre taksa frå proterozoikum vorte identifisert. Dei fleste geologar og paleontologar set vanlegvis grensa mellom proterozoikum og fanerozoikum til den klassiske grensa då dei første trilobittane og archaeocyathane dukka opp, ved tida då dei første komplekse mattunnelane dukka opp, kalla Trichophycus pedum, eller då dei første gruppene av små, generelt ikkje-leddelte, pansra dyr kalla småskjellfaunaen. Dei tre grensene ligg eit par millionar år frå kvarandre.
Fanerozoikum er delt inn i tre geologiske æraer: paleozoikum, mesozoikum og kenozoikum. I eldre litteratur vert uttrykket fanerozoikum hovudsakleg nytta som for tidsperioden som paleontologar er interessert i, men denne bruken av uttrykket ser ut til å ha falle bort i moderne litteratur.
Tidsspennet til fanerozoikum inneheld den raske utviklinga av mange dyrerekker, evolusjonen til desse rekkene til forskjellig utforming, dei første plantene på jordoverflata, utviklinga av komplekse planter, dei første fiskane, dei første landdyra og utviklinga av det moderne dyrelivet. I løpet av denne perioden har kontinenta flytta på seg og danna etter kvart superkontinentet Pangea, som så delte seg opp i dei noverande kontinenta.
Fanerozoikum | ||
---|---|---|
Paleozoikum | Mesozoikum | Kenozoikum |
Prekambrium | Fanerozoikum | |||
---|---|---|---|---|
Hadeikum | Arkeikum | Proterozoikum |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fanerozoikum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.