Erlangen er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 105 000 innbyggjarar.
Byen ligg ved elva Regnitz i regionen Mittelfranken, like i nærleiken av Fürth og Nürnberg, som saman med med nokre mindre byar, dannar byområdet Mittelfranken, som er ein av 23 slike «store senter» i Bayern, og eit av 11 tyske storbyområde.
Erlangen | |
---|---|
Erlangen i 1916 | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis | Tyskland Bayern Mittelfranken Kreisfri by |
Først nemnd i | 1002 |
Geografi | |
Flatevidd - By | 76,90 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik | 103 869 1 351/km² |
Koordinatar | 49°36′0″N 11°1′0″E / 49.60000°N 11.01667°E |
Høgd over havet | 280 m |
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 91001-91058 |
Telefon-retningsnummer | 09131 |
Bilnummer | ER |
Heimeside: www.erlangen.de |
Friedrich-Alexander-Universität er viktig for byen, som òg har fleire filialar av Siemens AG. Ei hending som framleis påverkar byen er busetnadane til hugenottane som flytta til byen etter ediktet i Nantes i 1685.
Erlangen vart først nemnd offisielt i 1002 med namnet «Villa Erlangon». I 1361 vart landsbyen seld til keisar Karl IV. Tre år seinare vart det bygd ein by nær landsbyen, som i 1374 fekk rettar til å prege sine eigne myntar. I 1398 fekk Erlangen byrettar og i 1402 hamna byen under Hohenzollern som ein del av fyrstedømet Brandenburg-Kulmbach (frå 1603 kalla Bayreuth) fram til 1806. Erlangen var hovudstad i det såkalla Unterland i fyrstedømet. Etter fire år med fransk okkupasjon vart han til slutt ein del av Kongedømet Bayern i lag med resten av fyrstedømet.
I 1686 kom dei første franske hugenottane til Erlangen. Greven av Beyreuth, Christian Ernst, bygde ein «ny by» (Neustadt) for dei. I 1706 vart gamlebyen nesten heilt øydelagd av ein brann, men raskt gjenoppbygd. I 1812 vart den gamle og nye byen slått saman.
I 1742 grunnla grev Friedrich av Bayreuth universitetet i residensbyen Bayreuth, men på grunn av opprørske studentar vart universitetet flytta til Erlangen. Seinare fekk det namnet Friedrich-Alexander-Universität og vart eit prøyssisk universitet. Kjende studentar på denne tida var Johann Ludwig Tieck og Wilhelm Heinrich Wackenroder.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Erlangen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.