Enontekiö (nordsamisk Eanodat, enaresamisk Iänudâh, svensk Enontekis) er ein kommune i Lapplands län i Finland.
Kommunen er tospråkleg med finsk som majoritetsspråk og nordsamisk som minoritetsspråk.
Enontekiö | |||
kommune | |||
| |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Fylke | Lappi | ||
Areal | 8 463,59 km² | ||
Folketal | 2 000 (31.12.2005) | ||
Grunnlagd | 1877 | ||
Ordførar | Pentti Keskitalo, rådmann Aarne Kultima, kommunestyre | ||
Postnummer | 99300-99490 | ||
Retningsnummer | 016 | ||
Språk | Finsk og nordsamisk | ||
Enontekiö 68°23′05″N 23°38′20″E / 68.384722222222°N 23.638888888889°E | |||
| |||
Wiki Commons: Enontekiö | |||
Kommunen er forma som ein slags arm som strekkjer seg nordvestover frå resten av Finland. Han grensar til Sverige (Kiruna) i sørvest og Noreg (Storfjord, Kåfjord og Kautokeino) i nord og nordaust. Det er her grensene mellom dei tre landa Finland, Sverige og Noreg møtast.
Administrasjonsstad og største tettstad er Hetta (nords. Heahttá, d.s. som det vanlege nords. etternamnet Hætta) som har om lag 800 innbyggjarar. Den nordvestlegaste tettstaden i Finland, Kilpisjärvi, ligg like ved norskegrensa. På grunn av prisskilnaden mellom Noreg og Finland kjem mange nordmenn hit for å handla. Kaaresuvanto er ein annan viktig tettstad som ligg like ved grensa til Sverige.
Kommunen husar både det høgaste fjellet i Finland, Haltiatunturi (nordsamisk Hálddičohkka), på 1 328 m, og den største fossen i landet, Pihtsusköngäs.
Enontekiö vart skapt i 1747 då han vart skild frå soknet Jukkasjärvi. Under freden i Fredrikshamn i 1809 vart han delt i den noverande finske kommunen aust for elvane Muonionjoki og Torneelva, og den svenske kommunen Karesuando som i dag er ein del av Kiruna.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Enontekiö, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.