Eli Bjørhusdal: Norsk forfattar

Eli Bjørhusdal (fødd 28.

februar">28. februar 1972 i i Luster kommune) er ein norsk professor, skribent, bloggar og målkvinne. Bjørhusdal har tidlegare vore nestleiar i Noregs Mållag og sentralstyremedlem og nestleiar i Norsk Målungdom.

Eli Bjørhusdal
Eli Bjørhusdal: Utdanning og karriere, Bibliografi, Kjelder
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. februar 1972 (52 år)
Luster kommune
Yrke skribent

Utdanning og karriere

Bjørhusdal har doktorgrad (ph.d.) frå Universitetet i Oslo 2014 med avhandlinga Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005. Avhandlinga er ein argumentasjonsanalyse av offentlege språkpolitiske styringsdokument frå jamstillingsvedtaket i 1885 til 2005. Avhandlinga konkluderer med at norsk språkpolitikk i perioden ikkje har vore grunngjeve med å styrkje mindretalsspråket nynorsk, men med å styrkje ein språkleg nøytralitetspolitikk.

Bjørhusdal har nordisk hovudfag frå Universitetet i Oslo (ferdig vår 2000). Ho skreiv i hovudfagsoppgavå Målkvinner før 1900 om målrørsla, målkvinner og kvinnepolitikk. Denne vart publisert som ein del av bokserien Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet i 2001. Etter hovudfaget tok Bjørhusdal praktisk-pedagogisk utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (ferdig vår 2001). I hovudoppgåva går Bjørhusdal i rette med tidlegare framstillingar av målrørsla som mannsdominert og kvinneundertrykkjande. Ho argumenterer for at målrørsla før 1900 var langt framme i praktisk kvinnepolitikk og at målkvinner som Aasta Hansteen, Hulda Garborg og Synnøve Riste var damer som representerte ein bygdefeministisk norskdomstradisjon.

Fram til 2005 jobba Eli Bjørhusdal som lektor i i grunnskulen og i vaksenopplæringa i Luster kommune. I 2006 vart ho tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som stipendiat i norsk. Frå 2012 var ho høgskulelektor i norsk same stad og frå 2014 førsteamanuensis. Sidan 2000 har ho vore busett i Jostedalen i Luster kommune.

Bibliografi

Bøker

  • 2001 – Arne Garborg : eit debatthefte (Oslo: Noregs Mållag). ISBN 82-7339-050-0  [Red. av Eli Bjørhusdal]
  • 2001 – Målkvinner før 1900 (Volda: Høgskulen i Volda). ISBN 8276611397  [Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr 12. Frå føreordet: Denne studien er ein lite omvølt versjon av det eg leverte som hovudoppgåve i nordisk ved Universitetet i Oslo våren 2000]
  • 2014 – Mellom nøytralitet og språksikring: Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005 (Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane) I fulltekst  [Avhandling til ph.d.-graden ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Oslo 2014.]
  • 2017 – Nynorsk med dei minste (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9409-8  [Redaktørar: Eli Bjørhusdal og Ingvil Brügger Brudal]
  • 2018 – Å skrive nynorsk og bokmål : nye tverrfaglege perspektiv (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9561-3  [Redaktørar: Eli Bjørhusdal, Edit Bugge, Jan Olav Fretland og Ann-Kristin H. Gujord]

I bøker - eit utval

  • 2010 – Tankerekkjer : festskrift til Johs. B. Thue - 70 (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-140-5  [Red. av Aage Engesæter, Jan Inge Fardal, Lars Nes. Av innhaldet: Morgon for frie menn : om essayforma til Johs. B. Thue / Eli Bjørhusdal, s. 31-36]
  • 2013 – Kva skal vi med sidemål? : argument og fakta (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-8308-5  [Forfattarar: Janne Nygård og Vebjørn Sture. Av innhaldet: Språkskifte med eit skuldertrekk / Eli Bjørhusdal, s. 96-100]
  • 2015 – Nye røyster i nynorskforskinga (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-8845-5  [Red. av Hjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland. Av innhaldet: Nøytralitet eller nynorsk? : språkpolitiske hovudprinsipp i norsk opplæring / Eli Bjørhusdal, s. [104]-119]
  • 2016 – Offentleg sektor i endring : Fjordantologien 2016 (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 978-82-15-02771-5  [Red. av Jørgen Amdam, Randi Bergem og Finn Ove Båtevik. Av innhaldet: Strategiar for språkleg velferd / Eli Bjørhusdal, s. 97-113]

I tidsskrift - eit utval

Kjelder

Tags:

Eli Bjørhusdal Utdanning og karriereEli Bjørhusdal BibliografiEli Bjørhusdal KjelderEli Bjørhusdal197228. februarLuster kommuneNoregs MållagNorsk Målungdom

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Le CorbusierMelhusBaltimoreAbsoluttverdiUTC1754KoppervikEarl ScruggsTorpoNasjonaldrikkURLSaltKristoffer ColumbusOle Gunnar SolskjærHeidi PetersenBåhus festningKaspihavetFonetisk alfabetDet norske alfabetetDen apostoliske truvedkjenningaRachel CarsonHjartøyaDansDet ukrainske alfabetetDet tredje riketVaktlarWikisourceAC MilanElectrolux AssistentKnut den mektige2019Kanye WestPumoriAutoritetsdataElias Elffors ElfströmLeedsTorMediaWikiArthur RimbaudAlsaceDavid CameronFjols til fjellsOtto JespersenSverigePlaneten MarsStord kommunePåskekrimLionel MessiPompeiiTjøttaStareTriduumFascismeIl Tempo GiganteAudhumblaArve OpsahlAre KalvøStockholmPremier LeagueSurinamFareskiltFilippo InzaghiMarikkenTorsdagGrunnstoffliste etter atomnummerTerroråtaka 11. september 2001TsjekkiaSneppålÅl kommuneIntellektuellWayback MachineAn-MagrittLokeTrigonometrisk funksjon🡆 More