61°26′N 7°27′E / 61.433°N 7.450°E / 61.433; 7.450
Luster kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Gaupne | ||
Areal | 2 707 km² | ||
- land | 2 608 km² | ||
- vatn | 99 km² | ||
Folketal | 5 371 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Andreas Wollnick Wiese (Sp) (2023) | ||
Kommunenr. | 4644 | ||
Luster kommune 61°29′38″N 7°19′46″E / 61.493889°N 7.329444°E | |||
| |||
Wiki Commons: Luster | |||
Nettstad: www.luster.kommune.no | |||
Luster er ein kommune i Sogn i Vestland fylke. Kommunen er den nest største i fylket og femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Den ligg kring Lustrafjorden inst i Sognefjorden.
Luster kommune består i dag av dei tidlegare herreda Luster, Hafslo og Jostedal.
Store Skagastølstind «Storen» på 2405 moh., det høgste fjellet i Vestland og det tredje høgste fjellet i Noreg, markerer kommunegrensa.
Kommunen fekk utstrekkinga han har i dag i 1963, då kommunane Hafslo, Jostedal og Luster vart slegne saman.
I Sogn fekk Hauge følgje av Hans Feigum og Peder Steen frå Luster. Haugerørsla var ikkje ønskt velkommen av statskyrkja, og det var motsand mot rørsla i kommunen.[treng kjelde]
Folketalsutvikling for noverande Luster kommune frå 1920:
1.12.1920 | 1.12.1930 | 3.12.1946 | 1.1.1951 | 1.1.1961 | 1.1.1971 | 1.1.1981 | 1.1.1991 | 1.1.2001 | 1.1.2010 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
6660 | 6465 | 6806 | 6541 | 6119 | 5140 | 5102 | 5118 | 4954 | 4945 |
Luster var fram til 2004 òg namn på eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde sokna Nes, Dale og Fortun. Fram til 1967 høyrde òg Gaupne sokn til prestegjeldet, det vart då overført til Jostedal prestegjeld. Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Frå 2004 har den lokale prestetenesta vorte organisert av prosten i Indre Sogn prosti.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Luster kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.