Eli og Elie er personnamn som kan brukast av begge kjønn.
I dansk-norsk tradisjon er det eit kvinnenamn avleidd frå det greske Helene, som betyr 'lys' eller 'lysberer'. I hebraisk og avleidde tradisjonar er Eli (hebr. עֵלִי) eit mannsnamn som betyr 'oppstiging', kjend frå øvstepresten Eli i Bibelen. Eit liknande hebraisk namn (hebr. אלי) kan også tyda 'min Gud' eller vera ei kortform av namn som Elia, Elisja, Elieser og liknande.
Eli og varianten Elie var mykje brukte på jentebarn i Noreg på 1700-talet. Eli var også utbreidd på 1940- og 1950-talet.
I England har Eli vore kjend som mannsnamn sidan reformasjonen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eli, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.