Elektrisk Krins

Ein elektrisk krins er sett saman av fleire passive og/eller aktive elektriske komponentar, kopla saman ved hjelp av elektriske leiarar slik at ein elektrisk straum kan flyte gjennom krinsen når han vert kopla til ei spenning- eller straumkjelde.

Passive komponentar er komponentar som ikkje tilfører energi til krinsen, som motstandar, spolar, kondensatorar, osb. Aktive komponentar er komponentar som kan tilføra energi til krinsen, som til dømes transistorar.

Elektrisk Krins
Døme på aktiv elektrisk krins: enkel forsterkar.

Passive krinsar

Elektrisk Krins 
Passiv krins: 1. ordens lågpassfilter.

Ein passiv krins er ein krins som har berre passive komponentar. Passive komponentar tilfører ikkje energi til krinsen, men motstandar absorberer energi, som dei omformar til termisk energi. Reaktive passive komponentar, som spolar og kondensatorar lagrar energi, som dei så kan avgje til krinsen. Spolar lagrar energi i eit magnetisk felt og kondensatorar lagrar energi i eit elektrisk felt. Andre passive komponentar er transformatorar og diodar, brytarar, kontaktar, og så bortetter.

Passive krinsar er berre nyttige når dei vert kopla til spennings- eller straumkjelder, eller når dei inngår som ein del av ein annan krins. Typiske døme på passive krinsar er passive filter, som til dømes delefilteret i ein høgtalar, likerettarar i energiforsyningsmodular og så vidare.

Aktive krinsar

Elektrisk Krins 
Aktiv krins: enkel operasjonsforsterkar.

Aktive krinsar einneheld ein eller fleire aktive komponentar, som kan tilføra krinsen energi, henta frå ei eller anna form for energiforsynig. Transistorar, operasjonsforsterkarar og tyristorar er døme på aktive komponentar. Forsterkarar, motorstyringar og mikroprosessorar er typiske døme på aktive krinsar.

Ein skil ofte mellom analog og digital elektronikk, men både analoge og digitale krinsar er i røynda analoge, på det viset at spenningar og straumar i krinsen varierer kontinuerleg. Det som skil dei er at i samband med digitale krinsar er ein berre interessert i om inn- og utgansspenningane ligg innanfor éit av to førehandsdefinerte interval.

Bibliografi

  • Balabanian, N. og Bickart, T.A., Electrical network theory, John-Wiley & Sons, 1969.
  • Bonebreak, R.L, Practical techniques of electonic circuit design, Jogn Wiley & Sons, 1982.
  • Carter, G.W. og Richardson, A., Techniques of circuit analysis, Cambridge Univ. Press, 1972.
  • Cirlian, P.M., Analysis and design of electronic circuits, McGrew-Hill, 1965.
  • Sentura, S.D. og Wedlock, B.D., Electrinic circuits and applications, John Wiley & Sons, 1975.
  • Tse, C.K., Linear circuit analysis, Addison-Wesley, 1998.

Sjå òg

Tags:

Elektrisk Krins Passive krinsarElektrisk Krins Aktive krinsarElektrisk Krins BibliografiElektrisk Krins Sjå ògElektrisk KrinsElektrisk leiarElektrisk motstandElektrisk straumKondensatorSpoleTransistor

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Die WellePlaneten SaturnBørselvTom HagenJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughKnut Marius DjupvikSothøneEmil i LønnebergetOrSverigePlaneten JupiterLimequatSolan GundersenKongsberg SølvverkLofotenHumleEtterretningsbataljonenStilarkKim HaugenMerlionRekonvalesensTyrkiaAngolaNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Russisk rockMarie AntoinetteChristiania27-årsklubbenSkhimatáriAbdusamet YigitLotta i BråkmakergataFranskPelle PolitibilAndre verdskrigenElg i solnedgangKoboltGry HammerAmfíklia-ElátiaBeltaneHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorKristian IV av Danmark-NoregDílesiROBEKUndergrunnsbanen i LondonJernUngkarProgrammeringsspråket JavaBadehusPink FloydBuddhistiske høgtiderSkulemål i Nord-NoregPeter Wessel TordenskjoldDet buddhistiske livshjuletSteingardar i NoregSara SkjoldnesVassendgutaneUkrainaBjørnstjerne BjørnsonLand i Eurovision Song ContestUrfolk i USASlumdog MillionaireHjuldyrNorges herligste330 skvadronNorske militære gradarFridthjov Anderssen11. aprilZaniar MatapourSandnesGarnMS «Framstig»MeterHotel CaliforniaMetroen i Moskva🡆 More