Eight Days A Week

Eight Days a Week av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
Språk engelsk
Utgjeve 4. desember 1964
Innspelt 6 and 18. oktober 1964
EMI Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 2:44
Selskap Parlophone, Capitol (amerikansk singel)
Komponist Paul McCartney, John Lennon
Tekstforfattar Paul McCartney, John Lennon
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Amerikansk The Beatles-singel-kronologi 
«I Feel Fine»
(1964)
Eight Days a Week «Ticket to Ride»
(1965)

Eight days a week I love you,
Eight days a week is not enough to show I care.

«Eight Days a Week» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney, og spelt inn av The Beatles for albumet deira Beatles for Sale frå 1964.

Songen vart planlagt gjeve ut på singel, men til slutt vart han berre gjeve ut i USA den 15. februar 1965 der han gjekk til førsteplass. B-sida var «I Don't Want to Spoil the Party». Singelen vart gjeve ut i USA etter at radiokanalr spelte songen frå importerte eksemplar av Beatles for Sale, som ikkje vart gjeve ut i USA. Songen var heller ikkje på den amerikanske versjonen av Beatles for Sale kalla Beatles '65. Seinare vart han gjeve ut på det amerikanske albumet Beatles VI.

Paul McCartney har fortalt to historier om korleis tittelen på songen kom til. Den eine var at det var ein sjåfør som sa at han hadde jobba «eight days a week» då han køyrte McCartney til studio ein gong. Den andre forklaringa var at Ringo Starr ein gon sa dette feil.

Eight Days a Week var ein av dei første songane der bandet verkeleg eksperimenterte i studio. I løpet av to innspelingar på totalt nesten sju timar den 6. oktober brukte dei berre tid på denne songen. Dei første seks forsøka var med heilt forskjellige byrjingar og den noverande byrjinga var frå ei anna innspeling enn resten av songen. Den endelege versjonen inneheld òg ein annan raritet, han vert tona inn i motsetnad til mange popsongar som vert tona ut på slutten.

Medverkande

    Personell per Ian MacDonald

Salslister og salstrofé

Salslister

Liste (1965) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 1
Canada Top Singles (RPM) 1
Nederland (Mega Single Top 100) 1
US Billboard Hot 100 1
US Cash Box Top 100 1
Vest-Tyskland Media Control 5

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA) Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar

Songern har vorte spelt av

Kjelder

  • MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3. 

Bakgrunnsstoff

Tags:

Eight Days A Week MedverkandeEight Days A Week Salslister og salstroféEight Days A Week Andre versjonarEight Days A Week KjelderEight Days A Week BakgrunnsstoffEight Days A Week

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LoddeHellerman RocksPolarlysValdresFarkadónaStavanger kommuneRundeTromsø kommuneNasjonaldyrBjørnøyaFelix MendelssohnStatsreligionJournalistikkNM i bryting 1974Harry HoleSpaniaMartha SkrettebergNato-alfabetetHepatitt C-virusArtemisHardingdialektHarry PotterSjangerMaiken Caspersen FallaOppland fylkeBlandingStyresettMalariaFranz LisztLeksikonElon MuskFriksjonKattBergen kommunePhobos i gresk mytologiTrabzonOseanografiDet første krosstogetLAlexander KiellandSigmaGustav ValsvikForbrenningZinédine ZidaneKlima i Nord-AmerikaLavaNautisk milPliktetikkPorsgrunnssangenPannemerke i hinduismenJean-François MilletReinheitsgebotSymbol i hinduismenFRIKAR dance companySjuårskrigenGesimsWienerklassisismenDonald TrumpStore norske leksikonSoltidNasjonaldagKallifóniDen austerrikske arvefølgjekrigenMoldaviaDet indiske kastesystemetTermisk diffusivitetCupheadKristian IV av Danmark-NoregPetter NorthugVulkanar i ItaliaInkarikets fallFinnøyAust-ArjithéaKardítsaCarl XVI Gustaf av Sverige🡆 More