I Feel Fine

«She's A Woman»

«I Feel Fine»
Singel av The Beatles
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 23. november 1964 (USA)
27. november 1964 (UK)
Innspelt Abbey Road
18. oktober 1964
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:18
Selskap Parlophone R5160 (UK)
Capitol 5222 (USA)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«If I Fell»
(1964)
«I Feel Fine» «Ticket to Ride»
(UK-1965)
---
«Eight Days a Week»
(US-1965)


«I Feel Fine» er ein riff-driven rockesong, hovudsakleg skriven av John Lennon, men kreditert til Lennon/McCartney. Han vart gjeven ut i 1964 av The Beatles som den åttande singelen deira i Storbritannia. Songen nådde toppen av salslista den 12. desember same året og erstatta The Rolling Stones sin «Little Red Rooster». Han låg på toppen av lista i fem veker. B-sida til singelen var «She's A Woman». Songen nådde òg toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 seint i 1964. I Noreg gjekk songen inn på VG-lista i midten av desember 1964 og låg på førsteplassen i heile seks veker. Totalt låg han 11 veker inne på Topp 10.

«I Feel Fine» oppstod frå det karakteristiske gitarriffet, skrive av Lennon medan dei var i studio for å spele inn «Eight Days a Week». Under innspelinga av songen hadde The Beatles fått meir erfaring med studioinnspelingar og «I Feel Fine» er eit av dei første døma på bruk av feedback som ein effekt i ein song, som artistar som Jimi Hendrix, The Kinks og The Who seinare skulle nytte mykje.

Songen startar med ein enkel, slått tone på McCartney sin bass som varer og varer før tonen til slutt vert omforma og forvrengd av feedback. Då McCartney slo tonen i studio bøygde Lennon seg med eit uhell inn mot forsterkaren og mikrofonen på gitaren hans fanga opp lyden og feedback oppstod. Beatles var forbausa over resultatet og bad produsent George Martin få lyden med på innspelinga.

I USA vart songen gjeve ut på Capitol-albumet Beatles '65. I Storbritannia vart songen gjeve ut på plata A Collection of Beatles Oldies, Past Masters Vol 1 og Beatles 1.

Medverkande

    Per Ian MacDonald

Salslister og salstrofé

The Beatles

Liste (1964) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) 3
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 3
Canada Top Singles (RPM) 1
Irland (IRMA) 1
Nederland (Mega Single Top 100) 1
New Zealand (Lever Hit Parades) 1
Noreg (VG-lista) 1
UK Singles (Official Charts Company) 1
US Billboard Hot 100 1
US Cash Box Top 100 1
Vest-Tyskland - Media Control 3

Kjelder

Føregangar
«If I Fell»
The Beatles
Toppen av VG-lista
6 veker, veke 51 1964
veke 3 1965
Etterfylgjar
«Fröken Fräken»
Sven-Ingvars

Tags:

I Feel Fine MedverkandeI Feel Fine Salslister og salstroféI Feel Fine KjelderI Feel Fine

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jonas Gahr StøreLilletveitCharcot CoveHillary ClintonJerry Leiber og Mike StollerBodø kommuneEngland og WalesMS-DOSBiologisk familieAluminiumJa, vi elsker dette landetKumøkkFreaks of Nature av KansasRafaelCyanOksidasjonDet tredje riketHaugtussaMeirFader vårVerdas landAtommodellInternasjonal telefonkodeJohn ScofieldRoger McGuinnKjemiImperialismeÅkermans VerkstadInformasjonsteknologiKarikaturElizabeth II av StorbritanniaLonely and BlueDen europeiske unionenJerry DouglasTeknologiTyrkiaHøgaste fjell i EuropaLundefuglRoger KjendalenQueenKvigeValerij ZaluzjnyjIndonesiaTherese BjørneboeFriluftslivStrategispelAnette HoffJordbruksrevolusjonenFree Fallin'KoboltJohn ErtzgaardHellerman RocksGrønlandSovjetunionenBuChampions LeagueKirunaVätternEuropiumAsker kommuneKopplamHar SedomEnrico CarusoCamilla CollettInca Garcilaso de la VegaOslo kommuneVåren av Aasmund Olavsson VinjeForvandlingaTuonelaFranz LisztOdinTilsynelatande storleiksklasseFrankararLamaISSNBergenJaroslav Soukup🡆 More