Dorothy Leigh Sayers (13.
juni">13. juni 1893–17. desember 1957) var ein britisk forfattar, poet og omsetjar.
Dorothy L. Sayers | |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 13. juni 1893 Oxford |
Død | |
Yrke | skribent, omsetjar, romanforfattar, skodespelforfattar, essayist, lyrikar, tekstforfatter, redaktør, novelleforfattar, filolog |
Medlem av | The Detection Club |
Religion | Den anglikanske kirke |
Ektefelle | Mac Fleming |
Dorothy L. Sayers på Commons |
Sayers var fødd i Headmaster's House ved Brewer Street i Oxford. Ho var dotter av Helen Mary Leigh og ektemannen Henry Sayers. Mora var dotter av Frederick Leigh, ein advokat med røter blant landeigarar på Isle of Wight. Faren var kapellan ved Christ Church Cathedral i Oxford og rektor ved Christ Church Cathedral School. Ho voks opp i den vesle landsbyen Bluntisham i Huntingdonshire då far hennar blei prest der. Som einebarn på ein isolert stad var ho mykje åleine, og blei ein ivrig lesar etter å ho lært å lesa som fireåring.
Sayers fekk utdanning heime, på kostskule og på jentecollege. Faren byrja læra henne latin frå ho var seks. Seinare fekk ho ulike guvernanter som lærte henne fransk og tysk. I 1909 blei ho sendt til Godolphin School i Salisbury. Dette var inga god oppleving, og i 1911 blei Sayers alvorleg sjuk av meslingar som herja på skulen. Ho drog heim for å koma seg og førebu seg på å studera ved Oxford.
I 1912 fekk Sayers stiendet Gilchrist Scholarship for Modern Languages for å studera ved Somerville College i Oxford der ho studerte moderne språk og mellomalderlitteratur og blei undervist av Mildred Pope. Ho gjekk ut med first-class honours i 1915. På denne tida blei ikkje kvinner gjevne ein grad, men Sayers var ein av dei fyrste som fekk ei grad då dette endra seg nokre år seinare. Ho blei Master of Arts i 1920.
Sayers gav ut si fyrste diktsamling i 1916 som OP. I ved Blackwell Publishing i Oxford. Den andre diktsamlinga hennar, Catholic Tales and Christian Songs, blei gjeven ut i 1918 av same forleggjar. Seinare arbeidde Sayers for Blackwell's og så som lærar ulike stader, mellom dei i Normandie i Frankrike. Ho gav også ut fleire dikt i The Oxford Magazine.
Seinare hadde ho ein karriere som tekstforfattar i reklamebransjen fram til ho kunne leva av forfattarskapen sin. Ho var tilsett ved S.H. Benson sitt reklamebyrå frå 1922 til 1931. Her samarbeidde ho med kunstnaren John Gilroy med å skapa «The Mustard Club» for Colman's-sennep og «Zoo»-reklamar for Guinness som har levd vidare i ettertida gjennom variasjonar. Eit døme var ein tukan med eit glas Guinness og Sayers sin jingle:
If he can say as you can
Guinness is good for you
How grand to be a Toucan
Just think what Toucan do
Sayers skal også ha funne på slagordet «It pays to advertise!»
I 1920–21 arbeidde ho på sin fyrste krimroman. Ho skildra grunnideen for Whose Body?, om eit lik som blir funne med berre ein lorgnett på seg, i eit brev frå 22. januar 1921:
My detective story begins brightly, with a fat lady found dead in her bath with nothing on but her pince-nez. Now why did she wear pince-nez in her bath? If you can guess, you will be in a position to lay hands upon the murderer, but he's a very cool and cunning fellow ...
Offeret blei seinare endra til ein mann.
Sayers skreiv hovudsakleg om detektiven lord Peter Wimsey, men òg noveller om Montague Egg. Krimromanane hennar tok for seg trauma til veteranar frå fyrste verdskrigen i The Unpleasantness at the Bellona Club, etiske spørsmål innan reklame i Murder Must Advertise og om utdanning for kvinner og rolla deira i samfunnet i Gaudy Night. I denne boka skriv Miss Barton ei bok som går til åtak på nazidoktrinen «Kinder, Küche, Kirche», og på eit vis kan heile krimromanen lesast som eit åtak på nazistisk samfunnsdoktrine. Ho er blitt omtalt som «den fyrste feministiske krimromanen».
Fleire av bøkene hennar var inspirerte av tidlegare opplevingar. The Nine Tailors nytta scenar kring kyrkja i Bluntisham, med fleire namn i soga henta frå kyrkjegarden der, eit sentralt motiv henta frå faren sitt arbeid med å restaurera kyrkjeklokkene i 1910, og Great Ouse-elva og myrlandskapet The Fens eit førebilde for ein stor flaum kring landbsyen i boka.
Sayers gjekk seinare vekk frå krimsjangeren (dei siste verka hennar innan sjangeren inneheld mindre krimgåter og liknar «vanleg» skjønnlitteratur), og overgjekk til å omsetja og tolka mellomalderske verk til engelsk, som Dante sin Divina Commedia og La Chanson de Roland. Ho skreiv teologiske verk og dramatikk. Dorothy Sayers var ein nær venn av C.S. Lewis, forfattaren av Narnia-bøkene.
Bøker med Lord Peter Wimsey
Annen krim
Brevsamlingar
Essay og faglitteratur
Dante-omsetjingar
Uutgjevne verk
Norsk tittel | Utgitt | Omsetjar | Originaltittel | Utgitt |
Giftmordet | 1933 | Ola Thommessen | Strong Poison | 1930 |
Lord Peter og «Giftpennen» | 1948 | Mimi Sverdrup Lunden | Gaudy Night | 1935 |
Lord Peter på Pym | 1948 | Mimi Sverdrup Lunden | Murder Must Advertise | 1933 |
Lord Peters sjette sans | 1949 | Mimi Sverdrup Lunden | Unnatural Death | 1927 |
En sky av vitner | 1975 | Bjørn Carling | Clouds of Witness | 1926 |
Ubehagelig episode i Bellona-klubben | 1978 | Per A. Hartun | The Unpleasantness at the Bellona Club | 1928 |
Dødsklokkene | 2005 | Rune Larsstuvold | The Nine Tailors | 1934 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dorothy L. Sayers, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.