Guvernante

Guvernante (frå fransk gouvernante, 'ei som styrer') er ei kvinne tilsett for å undervisa og oppseda barn i eit hushald.

Guvernanter var vanlege i velståande europeiske og europeiskætta familiar fram til om lag første verdskrigen. I nyare tid er dei uvanlege, men kan framleis brukast i store og velståande familiar eller hjå folk som bur svært avsides.

Guvernante
Døtrene til Alexander Graham Bell, Marian og Elsia, med guvernanta si rundt 1885.
Guvernante
The Governess (1851) av Rebecca Solomon. Guvernanta, i svart til høgre, peiker seg ut ved sin enkle klesdrakt og si isolerte stilling i høve til dei andre vaksne i biletet.

Historisk var guvernanter ofte «danna» kvinner som gjerne hadde dette som einaste moglege yrkesveg. Sosialt stod guvernanta i ei stilling mellom familien ho var tilsett av og tenarane deira. Dette kunne gjera henne svært isolert, noko som til dømes kan illustrerast ved at det var vanleg at guvernanter åt måltida sine åleine.

Guvernanter underviste som regel jenter og yngre gutar. Eldre gutar blei sende til kostskule eller hadde mannleg privatlærar. I tillegg til grunnleggjande skulefag som lesing, skriving og rekning kunne dei gje musikalsk eller kunstnarisk opplæring eller læra ungane eit framandspråk. Særleg fransk var vanleg, og mange henta fransktalande guvernanter for å få god språkopplæring.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Guvernante  Commons har multimedium som gjeld: Guvernante

Tags:

Første verdskrigenKvinne

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

27-årsklubbenToscakakeAprilKjerringa med stavenTrikken i BergenFinsk fonologiRussisk matLise AmundsenHindutempelUkrainsk kulturDisseRefraksjonVinkelfartUrfolkOdd-Bjørn HjelmesetAsgeir BorgemoenBuddhismenIngebjørg BratlandFilmjølkVerdas naturvernunionBlåmannHarald GaskiGro Harlem BrundtlandBjørnøyaSang til BergenCubaHindugudarKristoffer ColumbusOle PausBergen kommuneNordenCarina DahlAvtaleRonja RøverdatterAdies syndromTysklandDet nederlandske koloniriketDen norske eliteserien i fotballOperahuset i OsloISO 8601Dei fem K-ane i sikhismenErétriaSogn og Fjordane fylkeSjøløverElefantMarikkenMogopWienFuglarKristopher SchauPolenNord-KoreaWayne KramerSanta Cruz de TenerifeFrankrikeDovrebanenHandball-NM 1996/MennAndHotel Union Øye21. januarTeknologiCarles PuigdemontRudolf BlodstrupmoenOrNationaltheatret stasjonOslo kommuneAltasakaNazismeKjenslerDelaware-elvaKuusamoSmørdeigVestland fylkeSvaleurt🡆 More