Det Malawiske Flagget

Det malawiske flagget er ein vassrett trikolor i raudt, svart og grønt med ei stilisert sol i kvitt midt på.

Det blei teke i bruk i Malawi i 2010.

Det Malawiske Flagget
Storleikstilhøve 2:3
Det Malawiske Flagget
Det føre flagget i Malawi.

Flagget blei føreslått av regjeringa den 29. juli 2010, og innført som nytt offisielt flagg i Malawi den 31. juli same året. Opposisjonen i Malawi gjorde rettsleg motstand mot endringa av flagget. Presidenten i Malawi, Bingu wa Mutharika, godtok likevel det nye flagget.

Den nye utforminga skilde seg frå det tidlegare malawiske flagget ved at fargestripene hadde ei ny rekkjefølge som passa betre med det pan-afrikanske flagget, og den tidlegare raude, halve sola blei bytta ut med eit heil kvit sol. Den nye sola skulle representere den økonomiske framgangen i landet sidan det fekk sjølvstende i 1964.

Flagget i Malawi 1964–2010

Den tidlegare utforminga av flagget blei teke i bruk 6. juli 1964, då Malawi lik mange andre afrikanske land fekk sjølvstende frå europeiske kolonimakter. Den oppstigande sola i det øvste feltet stod for det afrikanske fridomshåpet. Det svarte feltet stod for folket på kontinentet, det raude for martyrane i fridomskampen, og det grøne for naturen.

Kjelder

    Fotnotar

Tags:

MalawiSolTrikolor

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Møre og Romsdal fylkeAtle HansenDanmarkSofádesIdrettshallHolbækLímni PlastíraMuscat guvernementGarden KatthultChristianiaOmanbuktaMicrosoft WindowsJournalistikkØOrRussells paradoksKlima i ArgentinaBM-21EkstaseSaltSiderDet tredje riketSnow White and the Seven DwarfsMax CarlLGoiásCelina MidelfartJehovas vitneTuonelaPalamásKlanenMeteoraAlenKardítsaMarcus & Martinus2020MauritaniaPhobos i gresk mytologiLagerthaReligionskrigErik AndersenMoldedialektHavørnPave Johannes Paul ICarles PuigdemontGeorg RiedelDet norske flaggetElisabeth TerlandHaaretzVladimir PutinHellas i antikkenBlandingKalambákaMahatma GandhiStyresettHappy HumanJon FosseKirkenærKommunismeStord kommuneNazistDiktHellerman RocksROBEKMusculus latissimus dorsi🡆 More