Desentralisering er eit uttrykk for utflytting av makt og kapital frå sentrale område.
Tanken om fordeling av makt (til dømes maktfordelingsprinsippet) har vore nytta i mange samanhengar, både geografisk og sosialt, men når ein snakkar om desentralisering i vanleg språkbruk er det oftast snakk om ei omfordeling av makt frå sentrale geografiske område til mindre sentrale område (Uttrykket er med andre ord oftast geografisk betinga). Ei slik fordeling skal hindre at det oppstår maktmisbruk og korrupsjon i sentrale område med sterk maktsamling.
Tyskland er kjend for å ha lagt stor vekt på ein desentralisert maktstruktur då landet vart bygd opp att etter krigen. Her desentraliserte ein makt ved å plassere viktige delar av statsapparatet utover heile landet. Det vart gjort av di Nazi-partiet langt på veg tok makta grunna det svært sentraliserte maktapparatet i Tyskland etter den første verdskrigen.
Noreg er ein av dei mest sentraliserte nasjonane i Europa, då dei fleste maktsentera (Både media og statsforvalting) ligg i hovudstaden, Oslo. Den norske grunnlova beskyttar ikkje dei lokale forvaltingsnivåa (kommunar og regionar/fylker) i landet, slik som grunnlover i mange andre europeiske land gjer.
I den pågåande regiondebatten er eit av dei avgjerande spørsmåla kor mykje makt dei nye regionane skal få. I kjølvatnet av denne debatten har det komme fram krav om at dei komande region- og kommunenivåa må grunnlovfestast.
Senterpartiet er det partiet i norsk politikk som fokuserer sterkast på desentralisering av makt og kapital.[treng kjelde]
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Desentralisering, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.