Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) er ein europeisk romfartsorganisasjon grunnlagd 31.
mars">31. mars 1975. Formålet med organisasjonen er eit fredeleg samarbeid om å utnytte verdsrommet til forsking og næring. Organisasjonen har 22 medlemsland i tillegg til to assosierte medlem (Slovenia og Latvia). Canada er med i ein del av samarbeidet. Organisasjonen har hovudkvarter i Paris i Frankrike. Operasjonssenteret, ESOC, ligg i Darmstadt i Tyskland.
ESA | |||
| |||
ESA Headquarters in Paris, France | |||
Bransje | Forsking og utvikling | ||
---|---|---|---|
Skipa | 30. mai 1975 | ||
Hovudkontor | Paris | ||
Land | Frankrike | ||
Grunnleggjar(ar) | Belgia, Danmark, Frankrike, Vest-Tyskland, Italia, Nederland, Spania, Sverige, Storbritannia, Sveits | ||
Nettstad | https://www.esa.int |
Per februar 2005 hadde ESA 1907 tilsette. Budsjettet for 2013 var på omtrent 4282 millionar euro, ein auke frå 2904 millionar euro i 2006. Inntektene til ESA kjem ifrå medlemslanda og står i forhold til kvart land sitt BNP. I tillegg køyrer ESA ei rekkje valfrie program som medlemsland kan velja om dei vil delta på.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den europeiske romfartsorganisasjonen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.