Den arktiske oscillasjonen (AO) er ein indeks (som varierer med tida utan ein jamn periode) for dei dominerande, kortare trykkvariasjonane ved havnivå i områda nord for 20 ºN, og er karakterisert av ein trykkanomali med eitt forteikn i Arktis, og ein trykkanomali med motsett forteikn i områda kring 37–45 ºN.
Klimatologar trur at AO-indeksen er årsakssamanhengande til, og derfor delvis føreseiande for vêrmønster som ligg fleire tusen kilometer unna Arktis, som Nord-Amerika og Europa. NASA-forskaren James E. Hansen har forklart mekanismen der AO påverkar vêret på stader så langt unna Arktis som følgjer:
Denne sonale, symmetriske svinginga mellom havnivåtrykket i polare og tempererte breiddegrader vart først identifisert av Edward Lorenz og namnsett i 1998 av David W.J. Thompson og John Michael Wallace.
Den nordatlantiske oscillasjonen (NAO) er nært knytt til AO og det finst diskusjonar om den eine eller den andre er meir grunnleggjande representativ for dynamikken i atmosfæren. Ambaum et al. hevdar at NAO kan identifiserast på ein meir fysisk meiningsfull måte.
Gjennom det meste av førre hundreåret har den arktiske oscillasjonen svinga mellom positive og negative fasar. Frå og med 1970-åra har oscillasjonen vorte oftare positiv når han vert midla over ein 60-dagars løpande periode, men tendensen er at AO har blitt meir nøytral det siste tiåret. Oscillasjonen svingar framleis stokastisk mellom negative og positive verdiar på dagleg, månadleg, sesongbaserte og årlege tidsskalaer, men trass i den tilfeldige karakteren har ein i nyare tid klart å varsle AO-indeksen temmeleg nøyaktig for dei neste 5-10 dagane. Korrelasjonen mellom faktiske observasjonar og eit sjudagarsmiddel hos GFS-ensemblet av AO-indeksen er kring 0,9, eit høgt tal for denne typen statistikk.
National Snow and Ice Data Center skildrar effekten av AO-indeksen:
Klimatologar nyttar ofte den arktiske oscillasjonen i dei offentlege forklaringane sine av ekstremvêr. Den følgjande meldinga frå National Oceanic and Atmospheric Administration sitt National Climatic Data Center: Klimatilstanden desember 2010 nytta uttrykket «negativ arktisk oscillasjon» fire gonger og er talande for denne aukande tendensen:
I februar 2010 nådde den arktiske oscillasjonen den lågaste målte middelverdien ein har målt sidan 1950-åra, då målingane starta, med ein verdi på −4,266. Denne månaden var prega av tre forskjellige og særs kraftige snøstormar på austkysten av USA. Den første gav 63,5 cm med snø i Baltimore den 5-6. februar, medan eit nytt kraftig snøfall berre fire dagar seinare gav 50 cm til. I New York City gav ein snøstorm den 25.-27. februar 53 cm med snø. Ni av dei ti kaldaste januarmånadane i denne delen av USA har skjedd samstundes med kraftig negative AO-indeksar.
Men samsvaret mellom negativ AO-indeks og kald og snørikt vintervær er ikkje ein-til-ein, og ein kan få mildt og vått vêr i perioder med kraftig negativ AO.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den arktiske oscillasjonen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.