Dataspelet Celeste
Dataspelet Celeste: Dataspel frå 2018
Celeste er eit plattformspel utvikla og utgjeve av dei canadiske spelutviklarane Matt Thorson og Noel Berry. Spelet var opphavleg utvikla som ein prototype i løpet av fire dagar under ein game jam, og blei seinare utvida til ei komplett utgjeving. Celeste blei utgjeve i januar 2018 til Microsoft Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, macOS, og Linux.
Celeste | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Matt Makes Games |
---|---|
Utgjevar(ar) | Matt Makes Games |
Komponist(ar) | Lena Raine |
Plattform(er) | Microsoft Windows, Nintendo Switch, Linux, macOS, PlayStation 4, Xbox One |
Utgjeving | 25. januar 2018 |
Sjanger | Plattform |
Spelemodus | Einspelar |
I Celeste kontrollerer spelaren ei jente ved namnet Madeline, som er i ferd med å klatre opp eit fjell samtidig som ho må unngå ei rekkje dødelege hindringar. I tillegg til å kunne hoppe og klatre opp vegger, kan Madeline gjere ein rykk medan ho er i lufta, som gjev ho større rekkjevidde. Denne rørsla kan berre gjerast ein gong og blir lada opp når Madeline landar på jorda eller råkar visse objekt.[1]
Referansar
- ↑ «Celeste review». Eurogamer. Henta 2. april 2018.
Bakgrunnsstoff
This article uses material from the Wikipedia article Dataspelet Celeste, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.