Dagfin Werenskiold (fødd 16.
oktober">16. oktober 1892 i Bærum, død 29. juni 1977 i Bærum) var ein norsk målar og bilethoggar.
Dagfin Werenskiold | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. oktober 1892 Bærum kommune |
Død | 29. juni 1977 (84 år) |
Yrke | illustratør, kunstmålar, bilethoggar |
Far | Erik Werenskiold |
Mor | Sophie Werenskiold |
Dagfin Werenskiold på Commons |
Dagfin Werenskiold vart fødd på Solberg gard i Bærum i Akershus i 1892. Han fekk teikneundervisning av faren, den kjende målaren og teiknaren Erik Werenskiold, og følgde han på studiereiser rundt i norske bygder. Men for Dagfin Werenskiold var den kunstnariske sjølvstenda viktig. I 1911 reiste han på studietur til Paris, og i 1913 til Provence. Werenskiold hadde fleire studieopphald i Frankrike frå 1920 til 1923, der han han studerte modellering, malingog skjæring blant annet hjå Antoine Bourdelle i Paris. Han reiste også på studieturar til Grønland og Italia.
Werenskiold malte bilete frå norsk bondeliv, modellerte portrett og lagde fleire relieffarbeid, blant anna bronsedørene til Oslo domkyrkje i 1937 og dei malte trerelieffa i borggarden framfor Oslo Rådhus i 1950. Han lagde og utsmykkingar ved St. Olaf College i Northfield i Minnesota i USA i 1958 og altertavler til Hornindal kyrkje i 1930 og Sandefjord kirke i 1963. Han illustrerte dessutan fleire bøker, blant anna Asbjørnsen og Moes samling av folkeeventyr, Ingeborg Refling Hagen si Den gamle pioner fra 1937 og Nordahl Rolfsen si lesebok fra 1939. Han deltok også på ei lang rekke store utstillingar i Noreg og utlandet.
Dagfin Werenskiold var lillebror til geologen Werner Werenskiold (1883–1961).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dagfin Werenskiold, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.