D mol, òg skrive D-moll, er eit montenegrinsk vokalensemble, beståande av Tamara Vujačić, Mirela Ljumić, Ivana Obradović, Rizo Feratović, Željko Vukčević og Emela Franca.
Gruppa vart kjend i Montenegro i februar 2019, då ho vann den nasjonale songtevlinga Montevizija med songen «Heaven». Gruppa representerte Montenegro i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.
D mol | |||
| |||
Aktiv | 2018– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | pop |
D-moll vart sett saman i 2018 av musikaren Daniejl Alibabić. Han representerte Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest 2005 som del av gruppa No Name.
18. desember 2018 kunngjorde kringkastaren RTCG at D-Moll var ein av deltakarane til Montevizija 2019, det montenegrinske uttakinga til Eurovision Song Contest. Gruppa framførte bidraget «Heaven», opphavleg kalla «Ti», i finalen laurdag 9. februar 2019. Der vann ho superfinalen med 68 prosent av telefonrøystene, og fekk dimed representere Montenegro i Eurovision Song Contest i Israel i mai. Gruppa enda på 16. plass i den fyrste semfinalen tysdag 14. mai og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article D mol, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.