Claudes syndrom er eit syndrom som skuldast hjernestammeslag som er kjenneteikna ved oculomotoriusparese, kontralateral hemiparese, kontralateral ataksi og kontralateral hemiplagi i den nedre delen av andletet, tunga og skuldra.
Claudes syndrom skuldast vanlegvis infarkt av midthjernen som følgje av okklusjon av arteria cerebri posterior. Lesjonen er vanlegvis eit unilateralt infarkt av nucleus ruber og pedunculus cerebri som påverkar delar av midthjernen:
Skadd struktur | Verknad |
---|---|
fibrae dentatorubrales | kontralateral ataksi |
pyramidebanefibrar | kontralateral hemiparese |
fibrar i tractus corticonuclearis | kontralateral hemiplegi av nedre andletsmusklar, tunge og skulder |
fibrar i nervus oculomotorius | ipsilateral oculomotoriusparese med hengande augelok (blefaroptose) og fiksert pupill som er vid og peikar nedover og utover, ofte med diplopi |
Claudes syndrom liknar veldig på Benedikts syndrom.
Stenose av arteria cerebri posterior kan mogelegvis utløyse Claudes syndrom.
Syndromet er oppkalla etter Henri Charles Jules Claude, ein fransk psykiater og nevrolog, som skildra tilstanden i 1912.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Claudes syndrom, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.