Cern

Den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking (fransk: Organisation Européenne pour la Recherche Nucléaire) eller CERN er verdas største forskingssenter for partikkelfysikk.

Senteret ligg på grensa mellom Sveits og Frankrike, størstedelen ligg i byen Meyrin på den sveitsiske sida av landegrensa. Den internasjonale flyplassen ved Genève ligg tre km aust for Meyrin.

CERN
Cern
Cern
Vue aérienne du CERN. Sjå dette på Wikidata
Skipa29. september 1954
HovudkontorPrévessin-Moëns, Meyrin
LandSveits, Frankrike
StyreleiarUrsula Bassler (1. januar 2019)
Dagleg leiarFabiola Gianotti, Rolf-Dieter Heuer, Robert Aymar, Luciano Maiani, Christopher Llewellyn Smith, Carlo Rubbia, Herwig Franz Schopper, Leon van Hove, John Adams, John Adams, Willibald Jentschke, Bernard Paul Gregory, Victor Weisskopf, John Adams, Cornelis Jan Bakker, Edoardo Amaldi
Nettstadhttps://home.cern (engelsk), https://home.cern/fr (fransk)
Cern
CERN-området sett frå Sveits mot Frankrike.

CERN er ein internasjonal forskingsorganisasjon, ikkje eit sveitsisk institutt. Hovudbygningen til CERN er laga av for det meste kvit murstein.

Historie

Avtalen om å etablere CERN vart skriven under 29 september 1954 av 12 land. I dag (2008) er det 20 medlemsland.

Det opphavlege namnet var Conseil Européen pour la Recherche Nucléaire, forkorta CERN. 1954 bytte ein namn til Organisation Européenne pour la Recherche Nucléaire, men heldt på den gamle forkortinga.

Verksemd

CERN er det leiande aboratoriet i verda for høgenergifysikk og verdas største laboratorium for forsking på partikkelfysikk.

CERN har bygt ei rekkje stadig større akseleratorar fram gjennom åra. Fleire av dei er framleis i drift, medan andre er lagde ned. CERN har utvikla verdas største partikkelakselerator, Large Hadron Collider (LHC), og eksperiment med denne partikkelakeratoren starta i september 2008. Der studerer ein dei minste delane i materien for blant anna å freiste å forstå korleis universet vart skapt og kva for grunnleggjande krefter som styrer verda.

Personale

CERN har kring 2 600 heiltidstilsette. Om lag 8 000 forskarar og ingeniørar (som representerer 500 universitet og 80 nasjonalitetar), arbeider med eksperiment som vert gjennomførte ved CERN.

Medlemslanda betaler om lag 1 076 millionar sveitsarfrank til CERN kvart år.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Cern  Commons har multimedium som gjeld: CERN

Tags:

Cern HistorieCern VerksemdCern PersonaleCern KjelderCern BakgrunnsstoffCernFrankrikeFranskGenèveMeyrinPartikkelfysikkSveits

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SunnmøreGhanaFylkesveg 751SjakkRekreasjonKjeleelvtindenDet tredje riketNorske kommuneblomarKirkeristenSong-dynastietIndiaTommeListe over primtalDet franske koloniriketMarie AntoinetteIvar Lo-JohanssonDesta Marie BeederJehovas vitneLarvik kommuneDet amerikanske flaggetTerje StrømdahlXboxGjegnabuLagerthaGrodagenIngvild KjerkolStord kommuneCupheadHindugudarGrunnstoffliste etter atomnummerOksygenSigmaKallifóniAtle HansenHarry PotterBokormFlåten til Det Bergenske DampskibsselskabDet indiske kastesystemetSikhismenNorsk fonologiHåvard RemBaronVM i alpine greiner 2019VólosEli Kari GjengedalTonsillPodsolArabiskMarikkenKallesignalSilje NordnesNasjonalbiblioteketGrønlandMagnisíaKirkenærDet norske alfabetetFinding Dory157Haaretz27-årsklubbenDødsstraffEbba HultkvistRagnhild BrochmannNM i bryting 1974Vegard UlvangNasjonalrettOmanEl NiñoHlíðarfjallWiki CommonsEngelskObo🡆 More