Herwig Franz Schopper (fødd 28.
februar">28. februar 1924) er ein tysk fysikar.
Han var professor i fysikk ved Universitetet i Mainz frå 1957 til 1960, og professor og direktør for kjernefysikklaboratoriet ved Universitetet i Karlsruhe frå 1961 til 1973. Sidan 1973 har han vore professor ved Universitetet i Hamburg og leiar for elektronsynkrontronlaboratoriet DESY i Hamburg 1973–1980. I perioden 1981-1988 var han generaldirektør for CERN. Schopper er kjent for bidraga sine til elementærpartikkelfysikken, spesielt for bygginga av store akseleratorar med sikte på å nå nye energiområder. Han leia avdelinga for partikkelfysikk ved CERN 1970–1973, då dei første lagringsringane vart konstruerte. Den same metoden er utnytta i andre prosjekt han har leia i Hamburg og ved CERN.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Herwig Franz Schopper, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.