Blowin' In The Wind

Don't Think Twice, It's All Right

Blowin' in the Wind
Singel av Bob Dylan
frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan
B-side

Språk engelsk
Utgjeve August 1963
Innspelt 9. juli 1962
Studio Columbia Recording Studios i New York City i New York
Sjanger Vise
Lengd 2:48
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent John H. Hammond
Bob Dylan-kronologi 
«Mixed-Up Confusion»
(1963)
Blowin' in the Wind «The Times They Are a-Changin'»
(1965)


How many roads must a man walk down
Before you call him a man?
Yes, 'n' how many seas must a white dove sail
Before she sleeps in the sand?
Yes, 'n' how many times must the cannon balls fly
Before they're forever banned?
The answer, my friend, is blowin' in the wind,
The answer is blowin' in the wind.

Bob Dylan

«Blowin' in the Wind» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan i 1963. Sjølv om songen har vorte skildra som ein protestsong, stiller han ei rekkje retoriske spørsmål om krig, fred og fridom. Refrenget «The answer, my friend, is blowin' in the wind» har vorte skildra som «djupt fleirtydig: anten er svaret så opplagt at det rett føre augo dine, eller så er svaret like uhandgripeleg som vinden».

I 1999 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2004 vart han rangert på 14. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Opphav og første reaksjon

Blowin' In The Wind 
Påskeliljer som bles i vinden.

Dylan skreiv og framførte opphavleg to vers av songen. Den første offentlege framføringa var på Gerde's Folk City den 16. april 1962, som er spelt inn og sirkulerer mellom Dylan-samlarar. Kort tid etter denne framføringa, la han til eit vers til i midten av songen. Songen vart trykt første gong i mai 1962 i den sjette utgåva av magasinet Broadside, som var grunnlagd av Pete Seeger og som omhandla høvessongar.

I juli 1962 vart songen trykt i Sing Out! med kommentar av Dylan:

« Det er ikkje mykje eg kan sei om denne songen utanom at svaret bles i vinden. Det står ikkje i noko bok eller film eller TV-show eller diskusjonsgruppe. Det er i vinden - og det bles i vinden. Alt for mange av desse hippe folka fortel meg kvar svaret er, men det trur eg ikkje litt på. Eg seier likevel at det finst i vinden og som eit uroleg papirark så må det kome ned ...Men det einaste problemet er at ingen plukkar opp svaret når det kjem ned så det er ikkje så mange som får sjå det og vite ...og så flyr det bort. Eg meiner at nokre av dei mest kriminelle er dei som snur andletet vekk når dei ser noko gale og veit at det er gale. Eg er berre 21 år gammal og eg veit at det har vore altfor mange ...De som er over 21, de er eldre og smartare. »

I omslaget til The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991 skriv John Bauldie at det var Pete Seeger som først identifiserte melodien i «Blowin' in the Wind» som ei utgåve av den gamle negro spiritual-songen «No More Auction Block». I følgje The Folk Songs of North America av Alan Lomax kom songen frå Canada og vart sunge av tidlegare slavar som hadde flykta dit etter at britane opphevde slaveriet i 1833. Dylan stadfesta dette under eit intervju i 1978. Dylan si utgåve av sjølve «No More Auction Block» vart spelt inn på Gaslight Cafe i oktober 1962 og dukka opp på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991

Dylan-kritikar Michael Gray har foreslått at teksten er eit døme på at Dylan nyttar bibelsk retorikk i sin eigen stil. Ein del som går om att fleire gonger i Det nye testamentet og basert på ein tekst frå Esekiels bok (12:1–2) er: «The word of the Lord came to me: 'Oh mortal, you dwell among the rebellious breed. They have eyes to see but see not; ears to hear, but hear not.» I «Blowin' in the Wind» gjer Dylan dette om til «Yes'n' how many ears must one man have ...?» og «Yes' n' how many times must a man turn his head / Pretending he just doesn't see?»

«Blowin' in the Wind» har vorte skildra som ein hymne for borgarrettsrørsla i 1960-åra. I Martin Scorsese-dokumentaren om Dylan, No Direction Home, fortel Mavis Staples at ho vart forbausa då ho først høyrte songen og sa at ho ikkje kunne forstå korleis ein ung, kvit mann kunne skrive noko som fanga frustrasjonen og lengselen til svarte folk på ein så sterk måte.

Sam Cooke var òg så djupt imponert av songen at han byrja å spele han på konsertane sine. Han skreiv seinare eit svar til songen, «A Change Is Gonna Come», i 1964.

«Blowin' in the Wind» vart ein internasjonal hit med Peter, Paul and Mary, som òg hadde Albert Grossman som manager. Singelen selde 300 000 eksemplar den første veka han kom ut. 13. juli 1963 nådde songen andreplassen på Billboard-lista og hadde seld over ein million.

Kritikar Andy Gill skreiv: «'Blowin' in the Wind' markerte eit stort sprang i låtskrivinga til Dylan. Før dette hadde han songar som 'The Ballad of Donald White' og 'The Death of Emmett Till', men 'Blowin' in the Wind' var annleis. For første gong oppdaga Dylan kor effektivt det var å gå bort frå eit særeige tema til det generelle. Medan 'The Ballad of Donald White' ville verte heilt overflødig så snart denne personen var avretta, ville ein song så vag som 'Blowin' in the Wind' kunne nyttast om alle slags fridomssaker. Det er songen som Dylan er uoppløyseleg knytt til og som markerte han som ein tilhengjar av fridomsprinsippet enn nokon annan song.»

Dylan spelte songen første gong på fjernsyn i Storbritannia i januar 1963, då han var med i teaterstykket Madhouse On Castle StreetBBC.

Politisk ettermæle

Blowin' In The Wind 
Ei kvit due er eit fredssymbol som også blir brukt som bilete i songen.

Songen vart ein av dei mest populære antikrigssongane i 1960-åra og under Vietnamkrigen. Under protestar mot Irak-krigen merka kommentatorane seg at demonstrantane nytta songar som «Blowin' in the Wind» i staden for å lage nye.

I 1997 spelte Bob Dylan tre andre songar under ei katolsk kyrkjesamling. Pave Johannes Paul II heldt etterpå ei preike for om lag 300 000 unge italienske katolikkar basert på teksten i «Blowin' in the Wind»

Andre utgåver

«Blowin' in the Wind» ar vorte spelt av fleire hundre andre artistar. Den mest suksessrike var utgåva til folketrioen Peter, Paul and Mary.

Andre utgåver er gjort av The Hollies, Chet Atkins, Dolly Parton, Judy Collins, Marianne Faithfull (singel i 1964), The Seekers, Sam Cooke, Etta James, Duke Ellington, Neil Young, the Doodletown Pipers, Marlene Dietrich, Bobby Darin, Bruce Springsteen, Elvis Presley, Stevie Wonder (som nådde Topp 10 med songen i 1966), John Fogerty, The Hooters og Me First and the Gimme Gimmes.

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Kjelder

Tags:

Blowin' In The Wind Opphav og første reaksjonBlowin' In The Wind Politisk ettermæleBlowin' In The Wind Andre utgåverBlowin' In The Wind BakgrunnsstoffBlowin' In The Wind FotnotarBlowin' In The Wind KjelderBlowin' In The WindDon't Think Twice, It's All Right

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Gruppa KroviGrevinnen og hovmesterenPikoDen kalde krigenClaus JervellValborgsmesseaftanBjørn Arild GramJernMartha LeivestadSyriaSigmaMilanoTutankhamonHøgaste fjell i EuropaMuhammedCarl Philip av SverigeRakiaProvinsar i OmanDet ukrainske alfabetetJordskorpeplateSylvi ListhaugHenrik WergelandI'm Still StandingFascismeKyprosOrSionistIvar AasenHelena BrodtkorbDinosaurarKreklingSkypeKnut Marius DjupvikNordsamiskLimequatArminianismeKvartsSaltVM i fotball 2022KompasspunktChancyRoald AmundsenRamaskrikKolonialhandelGarfieldFagorganisasjonFrey IISør-AfrikaRalph Waldo EmersonSvein Tore MarthinsenSunnmøreDonauFylkesveg 751Ørsta kommuneSamisk musikkMakrakómiEspen Barth EideVelosipedFthiótidaKvadratmeterReinSterke substantivElectrolux AssistentSenterpartietPer PaustDen muslimske verdaBelarusAmfíklia-ElátiaAfrikansk mat2006KrutOblatGrodagenJakob II av EnglandGaysirShogunJomfru🡆 More