Bjurholm kommune ligg i det svenske länet Västerbottens län i landskapet Ångermanland i landsdelen Norrland.
Kommunen har grensar til nabokommunane Nordmaling, Vännäs, Vindeln, Lycksele og Åsele i Västerbottens län og til Örnsköldsvik i Västernorrlands län. Administrasjonssenter i kommunen er Bjurholm.
Bjurholms kommun | |||
kommune | |||
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västerbottens län | ||
Landskap | Ångermanland | ||
Del av | Västerbotten, Q61680002, Q61669471, Ångermanland | ||
Areal | 1 363,77 km² | ||
- land | 1 306,75 km² | ||
- vatn | 57,02 km² | ||
Folketal | 2 443 (2011) | ||
Bjurholms kommun 63°55′00″N 19°13′00″E / 63.916666666667°N 19.216666666667°E | |||
| |||
Wiki Commons: Bjurholm Municipality | |||
Bjurholm er den minste kommunen i Sverige målt i folketal.
Bjurholm sokn braut i 1808 ut frå Nordmaling sogn. Då kommunalforordninga av 1862 tredde i kraft vart soknet ein landskommun. Municipalsamhället Bjurholm vart etablert i 1934 og oppløyst i 1962. I 1974 vart Bjurholm kommune innlemma i Vännäs kommune, men av ulike årsaker vart Bjurholm igjen skilt ut som eigen kommune igjen i 1983.
Blasonering: I eit blått felt, ein bølgjete bjelke av gull, med ein gåande svart bever med tunge, tenner og raude klør.
På eit soknsegl frå 1800-talet fann ein ein bever, som vart lagt til grunn for kommunevåpenskjoldet, som vart teken i bruk i 1951. Ordet bjur tyder òg bever. Våpenet vart teken ut av bruk då Bjurholm kommune vart teken opp i Vännäs kommune i 1974, men vart teken i bruk igjen etter oppdelinga i 1983.
Bjurholm kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Bjurholm | 987 |
Det er tre mindre tettstader i Bjurholm kommune:
Nr | Tettstad | Folkemengd |
---|---|---|
1 | Agnäs | 134 |
2 | Balsjö | 84 |
3 | Karlsbäck | 53 |
Bjurholm kommune har to vennskapsbyer:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bjurholms kommun, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.