Benoît B.
Mandelbrot (20. november 1924–14. oktober 2010) var ein polskfødd fransk-amerikansk matematikar. Han er mest kjend for det banebrytande arbeide innan fraktalgeometri der han fann den såkalla mandelbrotmengda. Mengda kom fram ved iterasjonar av eit komplekst andregradsuttrykk på ein datamaskin, der resultata av iterasjonane vart uttrykt grafisk. Det var Mandelbrot som gav denne typen matematiske mengder namnet fraktalar. Teorien om fraktalar vart framsett i boka The Fractal Geometry of Nature i 1987, og har sidan vist seg nyttig innanfor mange vitskapar som astrofysikk til økonomi.
Benoît Mandelbrot | |||
Mandelbrot i 2007 | |||
Fødd | 20. november 1924 Warszawa i Polen | ||
---|---|---|---|
Død | 14. oktober 2010 (85 år) Cambridge i Massachusetts i USA | ||
Bustad | Frankrike; USA | ||
Statsborgarskap | Fransk, amerikansk | ||
Nasjonalitet | Polen, Frankrike, USA | ||
Område | fraktal | ||
Yrke | matematikar, samfunnsøkonom, professor, vitskapsperson, skribent, informatikar, ingeniør, universitetslærar | ||
Institusjonar | IBM Yale University Institute for Advanced Study Universitetet Lille Centre national de la recherche scientifique Pacific Northwest National Laboratory | ||
Alma mater | Lycée du Parc École polytechnique California Institute of Technology Universitetet i Paris | ||
Doktorgradsrettleiar | Paul Lévy | ||
Doktorgradsstudentar | F. Kenton Musgrave Eugene F. Fama blant fleire | ||
Ektefelle | Aliette Kagan | ||
Medlem | Collège de ’Pataphysique National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences American Association for the Advancement of Science Institute of Mathematical Statistics Econometric Society |
Mandelbrot studerte i Paris og Pasadena i California frå 1945 til 1952 og forska ved Institute for Advanded Study i Princeton, mellom andre saman med John von Neumann. Frå 1958 til 1993 var han tilsett ved forskingssenteret til IBM i New York. Frå 1987 underviste han ved Yale University og vart professor der i 1999.
I 1993 vart han tildelt Wolfprisen i fysikk. Mandelbrot var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og frå 1987 medlem av National Academy of Sciences.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Benoît Mandelbrot, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.