Barnesjukdom

Barnesjukdommar er ein type infeksjonar ein ofte får når ein er barn.

Dei er ein del av den større gruppa infeksjonar som samla blir kalla barneinfeksjonar. Tradisjonelt reknar ein dei mest smittsame slike infeksjonane som barnesjukdommar. Mange av desse sjukdommane vaksinerer ein no barn mot, slik at dei er blitt sjeldnare.

Barnesjukdommar rammar nesten alltid når ein er barn. Fordi sjukdommane medfører livslang immunitet blir vaksne sjeldan eller aldri ramma. Ordet barnesjukdommar kan strengt tatt eigentleg beskriva einkvar sjukdom som rammar barn, men vanlegvis blir det brukt om ei avgrensa gruppe barnesjukdommar. Omgrepet omfattar stort sett det same som barnesjukdommar med utslett, som igjen grovt sett er sjukdommane nemnde i lista under. Ein skil mellom denne gruppa og meir alvorlege sjukdommar ein vaksinerer barn mot, som også kan ramma vaksne, men som sjeldan gir utslett.

Dei fleste barnesjukdommar medfører utslett, men ikkje alle. I barnevaksinasjonsprogrammet blir det vaksinert mot nokre av barnesjukdommane, men berre nokon.

    Nokre av barnesjukdommane
  • kikhoste
  • kusma
  • meslingar
  • raude hundar
  • skarlaksfeber
  • smittsam hjernehinnebetennelse (meningokokkinfeksjon)
  • vasskoppar
  • tredagarsfeber (4.(6.) barnesjukdom, exanthema subitum)
  • den femte barnesjukdommen (erythema infectiosum)
  • Hand-, fot- og munnsjukdom

Omgrepa «barnesjukdommar» og «barnesjukdommar med utslett» blir ofte brukte om kvarandre, men at kusma i lista over er eitt unntak fordi denne barnesjukdommen som regel ikkje har noko karakteristisk utslett.

Kjelder

Tags:

InfeksjonVaksine

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Mantel92FjernsynMetan40RGambiaForretningsordenSkandinaviaBrå stratosfærisk oppvarmingKrøllalfaAn-MagrittSpesifikk varmekapasitetGolfEncyclopædia BritannicaLangfredagsfjæreRichard Tandy2196VelosipedLillehammer kommuneVendlandTor Erling StaffRøyskatten20Angela MerkelKonstantinopelLaosHideto TakahashiPeer Gynt-prisen2005Ruts bokSunnhordlandsdialektSnipefamilien69KirgisistanGerda GreppDen vesle Bibelen24Thomas Numme82Norsk98MarokkoTinghaug i KleppHertzBertha Torgersen2016TRonny Brede AaseEtnisk nasjonalismeKashmirBautaUSA42Ukrainsk matListe over primtalTornstjertarKunstig intelligensWalesElin ØrjasæterBetlehemSlaget på StiklestadArameiskDen etiopiske kalenderenTelegrafiStåle SolbakkenReligion i EnglandFilippinaneDetektivforteljing54OTower of LondonLandskap i Sverige🡆 More